Valresultat Fjaler kommune

Valresultatatet for Fjaler kommune er klart. Sjå kven som vart valde inn i Fjaler kommunestyre for perioden 2023–2027. 

Oppheving av reguleringsplanar - Varsel om oppstart

Fjaler kommune har starta arbeid med oppheving av reguleringsplanar som er eldre enn 10 år og varslar med dette oppstart på planarbeidet. 

Har du sett hamnespy?

Hamnespy er ein framand art som legg seg som store teppe på havbotn, og fortrengjer andre artar. Hamnespy kan få alvorlege konsekvensar for norske kystområde og marine næringar. No treng vi hjelpa di til å stoppe spreiinga av hamnespy. 

Snakk om sjølvmordstankar - det kan redde liv

 

Endring i nokre bussruter frå 8. mai som følge av vegarbeidet på Fv. 57

På grunn av vegarbeid ved Nistadlia mellom Førde og Dale, vil det bli endringar for fleire turar frå 8. mai.

Vedtak av plan - Reguleringsplan for Lammetun

I kommunestyre 15.12.2022 vert det gjort følgjande vedtak: «I samsvar med plan-. og bygningslova §12-12 vert detaljreguleringsplan for Lammetun datert 23.11.22 vedteken. Grunna motsegn på området BC2_1 vert planen oversendt til departementet for endeleg avgjerd.»  

Straumstøtte

Vi har no auka førespurnadar frå innbyggjarar i samband med dokumentasjon for straumstøtte. Ta gjerne kontakt med kommunen dersom du også treng matrikkel informasjon om din eigedom eller dine bygningar. 

Fjalerprisen 2022 til Hywer AS

Fjalerprisen skal gje honnør for særleg innsats til beste for kommunen. Prisen går til ein person, bedrift eller organisasjon som har sett fokus på nyskaping, openheit og inkludering. Prisen skal vidare gå til nokon som har profilert kommunen på ein positiv måte, har bidrege særskilt til å utvikle Fjalersamfunnet og har marknadsført Fjaler kommune på ein god måte. Prisen vart delt ut under kommunestyret 15. desember av leiar for nemnda Gudmund Solheim.

Fjaler gjer det godt på kulturstatistikk

Norsk kulturindeks er ei årlig oversikt over kulturtilbud og kulturaktivitet i norske kommunar og fylke. Fjaler ligg på plass 27 av over 350 norske kommunar. Slike statistikkar seier ikkje alt. Mykje kan ikkje målast og dette er eit utval av tal - men samtidig så gjev det ein god indikator på at det er eit aktivt både profesjonelt og frivillig kulturliv i kommunen. 

Flyktningtenesta endrar namn til integreringstenesta

Måndag 24. oktober blei det vedtatt at flyktningtenesta endrar namn til integreringstenesta. Det er fleire grunnar til at vi endrar namnet på tenesta. I denne artikkelen skal vi ha fokus på tre viktige punkt: kategorisering, integreringsprosess og identitetsfaktorar.