Fjaler gjer det godt på kulturstatistikk

Norsk kulturindeks er ei årlig oversikt over kulturtilbud og kulturaktivitet i norske kommunar og fylke. Fjaler ligg på plass 27 av over 350 norske kommunar. Slike statistikkar seier ikkje alt. Mykje kan ikkje målast og dette er eit utval av tal - men samtidig så gjev det ein god indikator på at det er eit aktivt både profesjonelt og frivillig kulturliv i kommunen. 

Spesielt kjekt er at Fjaler ligg som nummer 1 på feltet scenekunst der dei måler tal teater og danseframsyningar, samt publikumstal. Her trur vi Teaterfestivalen og framsyningar der gjer gode utslag.

Fjaler er også den 5 beste kommunen i landet på sentrale tildelingar til kultur. Kanskje ikkje heilt uventa, men fint å få det stadfesta.

Fjaler har som mål å krype oppover denne statistikken år og for år.

Det er Telemarksforskning som står for undersøkinga. Er du interessert informasjon så nettsida Norsk kulturindeks