Kunngjering om utskriven eigedomsskatt 2025

Eigedomsskattelistene med oversyn over takst og utrekna skatt på eigedomar i Fjaler kommune er no lagt til offentleg ettersyn.

Varsel om oppstart av planarbeid - detaljregulering for Haugland

I samsvar med §§ 12-3 og 12-8 i plan- og bygningslova vert det varsla om igangsetting av arbeid med utarbeiding av detaljreguleringsplan for Haugland. Frist for å sende inn merknadar er sett til 7. april 2025. 

Oppstart av arbeid med ny trafikktryggingsplan

Fjaler kommune har starta arbeidet med å revidere trafikktryggingsplanen. Du kan no gje innspel på fysiske tiltak som kan bidra til å betre trafikktryggleiken i kommunen.

Oppstart av arbeid med kommunedelplan for Dale og høyring av forslag til planprogram

I samsvar med plan- og bygningslova § 11-12 blir det varsla oppstart av arbeid med kommunedelplan for Dale. Samstundes blir forslag til planprogram lagt ut på høyring. Frist for å kome med innspel er sett til 30. mars 2025. 

Oppstart av arbeid med kommuneplanen sin samfunnsdel og høyring av forslag til planprogram

I samsvar med plan- og bygningslova § 11-12 blir det varsla oppstart av arbeid med kommuneplanen sin samfunnsdel. Samstundes blir forslag til planprogram lagt ut på høyring. Frist for å kome med innspel er sett til 30. mars 2025. 

Budsjett- og Handlingsprogram 2025-2028

  Årsbudsjett 2025 og handlingsprogram 2025-2028 samt kommunale betalingssatsar for 2025 er no lagt til offentleg ettersyn. 

Varsel om oppstart av planarbeid for detaljregulering for Gjølanger

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla oppstart av detaljreguleringsplan for Gjølanger. Naboar og grunneigarar vert varsla direkte. Frist for innspel er sett til 20. oktober 2024.

Fv 57 Strandanes - Holmeli, Dalsfjordvegen - Varsel om oppstart av planarbeid

I samsvar med plan- og bygningslova §12-8 vert det med dette varsla oppstart av endring av reguleringsplan for FV57 Strandenes – Nistadlia, del av Dalsfjordvegen. Vestland fylkeskommune skal i samarbeid med Fjaler kommune gjere ei vesentleg endringar i planen. Vi ber med dette om innspel til arbeidet. Planen vert utarbeidd i samsvar med plan- og bygningslova § 12-3.

Kunngjering - oppheving av reguleringsplanar

Kommunestyret vedtok i sak K 20/24 oppheving av følgjande reguleringsplanar som er lista opp under:

Kunngjering av vedtak - Kommuneplanen sin arealdel 2024-2036

I samsvar med plan- og bygningslova § 11-15 vart kommuneplanen sin arealdel vedteken av kommunestyret 21. mars 2024 i kommunestyresak 021/24.