Kunngjering av fastsett planprogram - kommuneplanen sin samfunnsdel

Kommunestyret fatta vedtak om å fastsette planprogrammet for kommuneplanen sin samfunnsdel i møtet 22. mai 2025. Det vedtekne planprogrammet legg føringar for det komande planarbeid.

Informasjon om planprogrammet

Planprogrammet gjer greie for bakgrunn og føremål for planarbeidet. I planprogrammet blir følgande satsingsområde lagt fram:

  • Gode kvardagsliv
  • Næringsutvikling og verdiskaping
  • Klima, natur og miljø
  • Fjaler kommune som arbeidsgjevar og tenesteytar 

Les dokumenta i saka

Fastsett planprogram - kommuneplanen sin samfunnsdel (PDF, 788 kB)

Oppsummering og vurdering av innkomne innspel (PDF, 136 kB)