Fjaler kommune si tilgjengelegheitserklæring

Gjennom tilgjengelegheitserklæringa erklærer vi i kva grad Fjaler kommune si heimeside støttar krav til universell utforming i IKT.

Målet vårt er at innhaldet på Fjaler kommune si heimeside skal vere mogleg å bruke og forstå av alle. Vi jobbar kontinuerleg med universell utforming og klart språk.

Fjaler kommune si tilgjengelegheitserklæring 

Tilgjengelegheitserklæring for andre nettstadar vi nyttar

Gje oss gjerne tilbakemelding

Opplever du som brukar av heimesida vår at innhaldet ikkje fungerer som det skal eller at språket er vanskelig å forstå? Vi set stor pris på å få tilbakemeldingar. 

Korleis gje oss tilbakemelding?

Det er fleire måtar du kan gje oss tilbakemelding på:

  • Under kvar artikkel spør vi deg om du finn det du leitar etter. Ved å trykke på knappane "Ja" eller "Nei"  kan du her legge inn kommentarar og forslag til forbetringar.
  • Send e-post til postmottak@fjaler.kommune.no
  • Ved bruk at kontaktskjema nedst på denne sida

Kontaktskjema

Regelverk og krav for universell utforming av IKT

Sølvi Tjugen
Konsulent personal- og organisasjon
E-post
Telefon 57 73 80 09