Vakre Fjaler kommune ligg i Sunnfjord i Vestland fylke, mellom fjord og fjell, om lag tre timar nord for Bergen.
Med vår flotte natur, engasjerte lokalsamfunn og spanane arbeidstilbod, er Fjaler kommune ein stad der livskvalitet står i fokus, og der menneske i alle livsfasar finn tryggleik og trivsel.
UWC og Dalsåsen kunstnarsenter har i mange år tilført Fjaler kommune internasjonale impulsar. Det har gjort fjalerfolk trygge på å ta godt i mot nye innbyggarar i eit ope samfunn omgitt av vakker natur.
Les presentasjon om Fjaler kommune på nettstaden nytta.no
Utsikt frå Einingsfjellet, ytre Fjaler
Sissel Bringeland
Bu og leve - jobbe- studere - oppleve
Fjaler kommune høyrer til Region Sunnfjord i lag med kommunane Askvoll, Kinn, Sunnfjord og Bremanger. Sunnfjord er ein region i utvikling med eit breitt jobbtilbod. Her får du jobbe saman med sterke fagmiljø, framtidsretta bedrifter og menneske som vil skape verdi – lokalt og globalt.
På nettstaden til Region Sunnfjord kan du lese om korleis det er å bu og leve, jobbe , skape, studere og oppleve i desse kommunane. Sjå nettstaden til Regionsunnfjord.no.
Ledige tomter og bustader til sals i Fjaler
Samfunns- og næringsselskapet Nytta as oversikt på ledige tomter og bustader til sals på nettstaden sin:
Utsikt innover FlekkefjordenJobbe i Fjaler
I Fjaler finn du eit mangfaldig og framtidsretta næringsliv, og heile Sunnfjord-regionen byr på eit breitt spekter av karrieremoglegheiter innan både offentleg og privat sektor. Enten du flyttar hit åleine eller saman med ein partnar, er sjansen stor for å finne spennande jobbmoglegheiter for begge.
Les meir om arbeidslivet og moglegheitene i Fjaler og Sunnfjord:
Fakta om Fjaler kommune
- Fjaler kommune har om lag 2929 innbyggarar og utgjer ein del av HAFS-regionen med eit samla folketal på om lag 10500.
- Bygdene i Fjaler kommune: Dale, Flekke, Guddal, Tysse, Straumsnes, Hellevik, Våge, Lammetun, Korssund, Grytøyra og Fure.
- Kommunen har eit landareal på vel 400 km2. På grunn av langstrakt form skifter landskapet frå typisk kystlandskap i vest til innland med relativt høge fjell i aust.
- Fjaler kommune ligg på sørsida av Dalsfjorden. Det tek omlag 40 minutt å køyre frå kommunesenteret Dale til Lammetun lengst i vest som til Heggheim i Guddal lengst søraust. Den same tida tek det å køyre til regionsenteret Førde.
- Etter regulering av kommunegrensene i 1990 gjekk alt landarealet på nordsida av Dalsfjorden til Askvoll og Gaular kommunar og kommunen fekk Våge krins lengst i vest.
- I 2013 kom Dalsfjordbrua og -sambandet på plass og knyter saman Askvoll og Fjaler på ein ny og framtidsretta måte.
Utsikt over Dale
Jonas Swane
Turisme, reiseliv og opplevingar
Fjaler byr på både natur- og kulturopplevingar. Her finn du eit rikt utval av merka turløyper og fjord- og kystopplevingar innan korte avstander.
Hovlandsvatnet nær Loneland
David Zadig
Kultur og fritid
Fjaler kommune er omgitt av fjord, fjell og vakker natur. Vi varierte og godt organiserte fritidstilbod innan kultur og idrett for både store og små.
Samvirket kulturhus i Dale
David Zadig
Skule og barnehage tilbodet i kommunen
I Fjaler kommune har vi tre skular og fire barnehagar:
Sjå meir informasjon om skule og barnehage her på heimesida vår
Utsikt frå Vardeheia
Sissel Bringeland