Snakk om sjølvmordstankar - det kan redde liv

Har du sjølvmordstankar eller kjenner du nokon som kan ha det? Då er det viktig å vite at det finns hjelp å få!

Det kan vere vanskeleg å snakke om sjølvmordstankar med andre. Situasjonen kan verke fastlåst og det kan vere vanskeleg å sjå løysingar. Likevel, dersom du kjem over terskelen og snakkar med nokon du stolar på - kan du få hjelp til å sjå løysingar. Å snakke om det er å første steg på vegen til å gjere noko med det som er vanskeleg – og få det betre.

Også dersom du er uroa for nokon, er det viktig å vite at det ikkje er farleg å snakke om sjølvmordstankar. Tvert imot, det å snakke om sjølvmordstankar kan redde liv.

Nedanfor finn du oversikt over kven du kan kontakte dersom du sjølv eller nokon du kjenner, har det vanskeleg.

Dersom du er i ein situasjon der det er akutt fare for liv og helse, ring nødnummer 113.

Ressusar i Fjaler kommune
 

Fjaler legekontor - 57 73 81 80

Fjaler kommune har ope 08.00 – 15.00 (15.30 15. september – 14.mai) og har telefontid måndag til fredag: 08.00–12.00 og 13.00–15.30. Telefonnummer: 57 73 81 80.

Legevakt - 116 117

Ring legevakta på telefon 116 117 etter klokka 15, dersom du treng rask hjelp.

Tenesta for psykisk helse og rus - 91 36 76 47

Tenesta for psykisk helse og ruskan kontaktast på 91 36 76 47 kvardagar mellom 7.30 – 15.

Helsestasjonen - 57 73 81 12

Helsestasjonen kan du kontakte på 57 73 81 12.

Hjelpetelefonar og chat-tenester

Det finns fleire hjelpetelefonar, chat-tenester og støttegrupper der du kan dele tankar og kjensler heilt anonymt, få støtte, råd og rettleiing.

Nyttige nettstadar