Fjalerprisen 2022 til Hywer AS

Fjalerprisen skal gje honnør for særleg innsats til beste for kommunen. Prisen går til ein person, bedrift eller organisasjon som har sett fokus på nyskaping, openheit og inkludering. Prisen skal vidare gå til nokon som har profilert kommunen på ein positiv måte, har bidrege særskilt til å utvikle Fjalersamfunnet og har marknadsført Fjaler kommune på ein god måte.

Prisen vart delt ut under kommunestyret 15. desember av leiar for nemnda Gudmund Solheim.

Brødrene Dahl Vasskraft har bygd seg opp i Dale gjennom nesten 20 år og har utvikla seg til ei stor bedrift med mange arbeidsplassar. Bedrifta har skapt mange arbeidsplassar og har gjeve tilflytting til heile regionen. Hovudkontoret er lokalisert i Dale med andre tilsette rundt om i landet.

Brødrene Dahl Vasskraft blei skilt ut som eige aksjeselskap 1. juni 2020 og fekk namnet Hywer AS, som gjenspeglar selskapets fokus på Hydropower. 

Bedrifta jobbar med rein fornybar vasskraft utan å gjere store inngrep. Dette er det grøne skiftet i praksis. Dei gjennomfører både totalentreprisar vasskraftverk og leverer røyr til prosjekt som er under bygging og i drift i Norge. Ambisjonen er å ta ein større del av småkraftmarknaden.

Sentral i oppbygginga av bedrifta har vore dagleg leiar Bjarte Skår som har vore med frå starten og som saman med fleire sentrale medarbeidarar har bygd opp bedrifta til det den er i dag.

Hywer har over 40 tilsette og har på årsbasis ei omsetning på over 650 millionar. Dei har kjøpt lokalet Transplantbygget sentralt ved fjorden i kommunesenteret og har bygd dette om til attraktive lokale for bedrifta si. Hywer har framleis potensiale for vekst og er leiande på sitt felt. 

Hywer AS har vore medvitne på å bruke lokale underleverandørar i sine prosjekt - noko som har gjeve vekstgrunnlag for andre bedrifter i regionen.

Nemnda meiner at Hywer AS er ei bedrift som har sett Fjaler på kartet og som har utvikla Fjalersamfunnet på ein positiv måte. Attraktive arbeidsplassar er heilt sentralt for å utvikle samfunnet og Hywer har i stor grad bidrege med dette. Noko som i sum gjev eit stort mangfald av arbeidsplassar i regionen. 


Prisen består av eit foto av David Zadig og ein gåvesjekk på 15 000 kroner.

Hywer valte å gje dei 15 000 til Fjaler kommune og kulturavdelinga. Pengane ynskjer dei skal gå til arrangering av ein konsert på tidlegare ferjekaia i Dale.