OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Straumstøtte

Vi har no auka førespurnadar frå innbyggjarar i samband med dokumentasjon for straumstøtte. Ta gjerne kontakt med kommunen dersom du også treng matrikkel informasjon om din eigedom eller dine bygningar. 

Kontaktperson

Kontaktperson i kommunen for matrikkel informasjon er Leif Helge Rivedal: 

Straumstøtte og informasjon i matrikkel

I samband med tildeling av straumstøtte, hentar straumselskapa informasjon om bygg og eigedom i frå matrikkelen. Dette er offentleg tilgjengeleg informasjon, og du kan sjølv sjekke kva dine bygg og eigedommar er registrert som i matrikkelen på Kartverket sin nettstad seeiendom.no. 

Vi har no auka førespurnadar frå innbyggjarar, som får beskjed frå sine straumselskap om å ta kontakt med kommunen i samband med dokumentasjon for straumstøtte. Dersom du har spørsmål om kva din eigedom eller bygningar på din eigedom er registrert som i matrikkelen, kan du ta kontakt med kommunen. 

Dette kan typisk gjelde for deg som eig ein eldre einebustad eller eit eldre våningshus.

Informasjon frå Kartverket

Kartverket har meir informasjon. Kartverket har tidlegare svart ut ofte stilte spørsmål knytt til straumstøtte som dei mottek i samband med støtteordninga. Dei har også ein eigen søkefunksjon der du kan sjekke din eigedom og kva dine bygningar er registrert som i matrikkelen. 

 

Til toppen