No kan du søkje plass i kulturskulen

Det er no mogleg å søkje plass i kulturskulen med oppstart hausten 2026.

Oppsummering etter helse og omsorg sitt folkemøte som var 16. april 2026

Helse og omsorg gjennomførte sitt tredje årlege folkemøte torsdag 16. april.

Utgreiing skulestruktur

På denne sida finn du informasjon om arbeidet kring utgreiing av skulestrukturen i Fjaler kommune

Folkehelseundersøkinga i Vestland 2026

16. april 2026 blir mange innbyggjarar i Vestland inviterte til å delta i Folkehelseundersøkinga i Vestland. Undersøkinga blir gjennomført i samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og Folkehelseinstituttet (FHI). Målet er å få betre kunnskap om helsetilstand, trivsel og livskvalitet hjå vaksne i fylket.

Endringar på Fjaler kommune sitt sentralbord

Frå og med onsdag 15. april gjer Fjaler kommune endringar i sentralbordløysinga. Vi innfører tasteval som er opne heile dagen, og reduserer opningstida for det bemanna sentralbordet med éin time. Ny opningstid på bemanna sentralbord blir 10.00–14.00.

Gjenbruket - gratis bruktbutikk

På Gjenbruk kan du levere kle, sko og leikar som du synest er i god stand og kan brukast om att. Her kan du og finne ting som du sjølv kan bruke. 

No kan du opprette listeframlegg til kommunestyre- og fylkestingsvalet 2027

Listeforslagsportalen for valet i 2027 er opna. Det betyr at alle eksisterande og nye parti kan starte arbeidet med å opprette listeframlegg, samle inn underskrifter og levere listeframlegg til kommunestyrevalet 2027. 

Varsel om oppstart av arbeid med detaljregulering for Haugland

I samsvar med §§ 12-1, 12-3 og 12-8 i plan- og bygningslova vert det varsla om oppstart av planarbeid for detaljregulering av Haugland. Frist for å kome med innspel er sett til 15.05.2026.

Høyring - Kommuneplanen sin samfunnsdel 2026-2038

Fjaler kommune vedtok i kommunestyremøte 26.03.2026, sak 021/26 å sende Kommuneplanen sin samfunnsdel 2026-2038 ut på høyring, med ein høyringsfrist på 6 veker. Vi høyrer gjerne i frå deg. Send innspel innan 8. mai 2026.

Barnehagedagen 10. mars 2026

I dag, 10. mars, blir barnehagedagen 2026 arrangert. Dagen blir markert over heile landet for å synleggjere kvaliteten i arbeidet som blir gjort i barnehagen.