Fjaler Eldreråd har fått støtte frå Sparebankstiftinga Fjaler

Fjaler Eldreråd ønsker å takke Sparebankstiftinga Fjaler for støtta til å skape sosiale møteplassar for eldre i kommunen.  Rådet har fått 50 000,- som skal brukast til å arrangere middagar for eldre i bygdene i Fjaler, underhaldning og kino for eldre.

Frå seniormiddag i Samvirket

Eldrerådet arrangerte ein middag i Samvirket i november 2024, som vart ein stor suksess med over 70 besøkande. No vert det altså fleire slike middagar i kommunen.