Melding om arbeid i Badevika

Fram til midten av november vil det føregå arbeid i Badevika, og det vil difor vere redusert framkomelegheit i denne perioden. 

Vaksinering hausten 2026

Det blir også i år vaksinering på tre ulike stader i Fjaler: Guddal, Våge og Dale. Merk at vaksineringa i ytre Fjaler i år blir gjennomført på Våge skule.

Invitasjon til skogkveld

Skogselskapet og Hyllestad kommune inviterer til skogkveld på Hotel Sognefjord i Leirvik, torsdag 26. november kl 19:00

Høyring - Farvassavgift og sakshandsamingsgebyr 2027

Alden hamneområde har vedteke å sende forslag om farvassavgift og sakshandsamingsgebyr 2027 på høyring. 

Kven vil du foreslå til FJALERPRISEN 2026?

Fjalerprisen er ein samla pris som erstattar tidlegare næringspris og kulturpris. Det er bestemt at prisen skal delast ut kvart 2. år.

Kunngjering av fastsett planprogram - Kommunedelplan for Dale

I møtet 9. september 2026 vedtok kommunestyret å fastsette planprogrammet for kommunedelplan for Dale. Det vedtekne planprogrammet legg føringar for komande planarbeid. 

Tilskot til aldersvennleg oppgradering av eigen bustad

Du kan få økonomisk støtte frå Husbanken til å gjere bustaden din meir aldersvennleg. Dette er ei ny tilskotsordning, og du må sende søknaden til Husbanken innan 30.oktober 2026. 

Høyring av regionale planar - sei di meining

Fylkesutvalet har vedteke å legge ut to regionale planar på høyring. Fram til 1. november kan du seie di meining, og slik vere med og påverke utviklinga av Vestland framover. 

Tilbod om sorggruppe for vaksne

Sorggruppe er eit tilbod til deg som har mista ein nærståande, og er ein stad der du kan dele tankar og erfaringar med andre i liknande situasjon. Gruppa vert leia av to fagpersonar. 

Bruk av termiske og restlysforsterkande siktemiddel ved jakt på hjort i Fjaler kommune

Kommunestyret i Fjaler har i møte 20.08.2026 vedteke lokal forskrift som opnar for bruk av termiske og restlysforsterkande siktemiddel ved jakt på hjort i ope terreng.