Momskompensasjon til frivillige organisasjonar

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 2,65 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige organisasjonar i 2025. 

Føremålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet. Dette blir gjort ved å kompensere for kostnader som organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester. 

For å kunne søkje om kompensasjon må organisasjonen vere registrert i Frivillighetsregisteret, og frivillig innsats må vere ein viktig del av verksemda.

Det kan søkjast etter to modellar. Minstegrensa for å søkje etter forenkla modell er 100.000 kroner i søknadsgrunnlag, og etter dokumentert modell er det 7.000 kroner i faktiske meirverdiavgiftskostnader. Grensene gjeld ikkje for organisasjonar som skal søkje gjennom sentralledd som t.d. Norges idrettsforbund (sentralledda har eigne søknadsfristar).

Søknadsfristen er 1. september 2025.

Les meir om ordninga på Lotteri- og stiftelsestilsynet sin nettstad.