Ein kamerat i kvardagen

Integreringstenesta i Fjaler har starta prosjektet “Kamerat”. 
Ynskjer du å vere ein kamerat for nokon - eller treng du kanskje ein kamerat sjølv?

Biletet syner to smilande menn som sit i ein båt og fiskar - Klikk for stort bilete"Kamerat" er ein inkluderingsaktivitet for vaksne med felles interesser

 

Målet med prosjektet er å bidra til betre integrering i lokalsamfunnet, og skape sosiale nettverk og gode inkluderingsprosessar blant vaksne.  Å vere kamerat inneber jamlege møte med ein person eller familie, og har eit særleg fokus på inkludering av menneske med fluktbakgrunn. Samværet finn som regel si form etter behov og interesser, som å gå tur, gjere lekser eller trene saman. Integreringstenesta hjelper med å kople deltakarar etter felles interesser.

Om du ynskjer å vere ein kamerat, eller treng ein kamerat sjølv, kan du ta kontakt med Florence eller Natalia ved integreringstenesta i Fjaler.