Gjenbruket - gratis bruktbutikk

Gjenbruket er innsamla kle, sko og leikar. Her kan du levere ting som du synest er for gode til å kaste - og ein kan finne ting som nokon andre ikkje ser seg nytte i. Gjenbruket vert drifta av integreringstenesta.

Her finn du oss:

Du finn Gjenbruket i Dale på gamle Fjaler ungdomsskule (FUS), adresse: Nikka Vonens Veg 36, første inngang mot Vevang, ei trapp opp.

Opningstid for Gjenbruket:

Det er ope for både levering og for å finne ting som ein kan ha bruk for:

  • Tysdag frå klokka 13.30–14.30
  • Torsdag frå klokka 17.00-18.00.

Obs. Opningstida til Gjenbruket følger skuleruta til Fjaler kommune.

Du kan sjekke skuleruta til Fjaler kommune her på heimesida til Fjaler kommune 

Kva kan du levere?

Du kan donere kler, sko og leiker. Det du leverer inn på vere heilt og reint. Vi tek ikkje i mot møblar.

Velkomen innom!

Stativ med kler i ulike fargar. Teksten på biletet er den samme teksten som står i artikkelen. - Klikk for stort bilete