Nav Sunnfjord og Ytre Sogn har starta opp

Nav kontora i Fjaler, Høyanger, Hyllestad og Sunnfjord er frå januar slått saman til eit Nav kontor, Nav Sunnfjord og Ytre Sogn. Kontoret har lokasjonar i alle kommunane.

Innbyggarar som har behov for Nav sine tenester vil møte Nav på same måte som før gjennom dei digitale løysingane, på telefon, ved å bestille time hos ein rettleiar eller ved å møte opp i opningstida. Lokala og opningstidene er som før. 

Arbeidsgjevarar og samarbeidspartar vil og kunne kontakte Nav som tidlegare, for samtaler og møter. 

Nav Sunnfjord og Ytre Sogn er eit kontor med litt over 60 tilsette, organisert i fire fagavdelingar som går på tvers av kommunegrensene. Organiseringa legg til rette for å kunne levere like og stabile tenester i alle dei fire kommunane, og utvikle tenestene til innbyggarane. Nav Sunnfjord og Ytre Sogn er og innretta for å utvikle samarbeidet med arbeidsgjevarar og viktige samarbeidspartar i og på tvers av kommunane. 

Kontaktinformasjon, opningstider og anna informasjon finn du her på kommunen sine nettsider.

Sjå informasjon om Nav Sunnfjord og Ytre Sogn på Fjaler kommune si heimeside