Globalt matlagingskurs har fått støtte frå Sparebankstiftinga Fjaler

Tusen takk til Sparebankstiftinga som har støtta Globalt matlagingskurs med 60 000 kroner. 

Takk for eit flott folkemøte med fantastisk godt oppmøte!

Vi vil gjerne takke alle som deltok på helse og omsorg sitt folkemøte 25. mars. Vi set stor pris på at så mange tok seg tid til å delta. 

Har du ein godkjend bustad som du ynskjer å leige ut?

Fjaler kommune har behov for fleire bustader til flyktningar. Har du ein godkjend bustad du vil leige ut kan du registrere den i skjema eller ta kontakt med oss på e-post eller telefon. Registreringa er ikkje bindande. 

Nav Sunnfjord og Ytre Sogn har starta opp

Nav kontora i Fjaler, Høyanger, Hyllestad og Sunnfjord er frå januar slått saman til eit Nav kontor, Nav Sunnfjord og Ytre Sogn. Kontoret har lokasjonar i alle kommunane.

Strøsand til privat hushald

Du kan ta med deg bøtte/stamp og hente gratis strøstand til privat hushald følgande stader: 

Kjære Fjalerbuarar

Når vi no nærmar oss slutten på eit år og ser fram til ei fredfull juletid, vil eg som ordførar få nytte høvet til å sende ei varm helsing til alle i Fjaler.

Jonny Pedersen fekk Fjalerprisen 2024

Fjaler kommune deler ut Fjalerprisen annakvart år og prisen for 2024 vart delt ut kommunestyret 19. desember.

Fjaler ungdomsråd er etablert

Vi har i dag hatt fyrste møte i Fjaler ungdomsråd. Det består av to representantar frå kvar av skulane Våge, Dingemoen og Dale vgs.

Landbrukseigedom og driveplikt

Når du eig eit jordbruksareal, har du som eigar ansvar for å forvalte det godt og sørgje for at det er i drift. Driveplikta gjeld for heile eigartida til forskjell frå buplikta som gjeld i 5 år.  

Fv 57 Strandanes - Holmeli, Dalsfjordvegen - Varsel om oppstart av planarbeid

I samsvar med plan- og bygningslova §12-8 vert det med dette varsla oppstart av endring av reguleringsplan for FV57 Strandenes – Nistadlia, del av Dalsfjordvegen. Vestland fylkeskommune skal i samarbeid med Fjaler kommune gjere ei vesentleg endringar i planen. Vi ber med dette om innspel til arbeidet. Planen vert utarbeidd i samsvar med plan- og bygningslova § 12-3.