Resultat frå innbyggarundersøkinga

No kan du sjå resultata frå innbyggarundersøkinga som blei gjennomført i januar 2025. Vi fekk inn heile 767 svar og desse svara vil bli brukt i arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel, samt i arbeidet med å utvikle tenestene våre.

Om undersøkinga

Fjaler kommune gjennomførte ei innbyggarundersøking i januar 2025. I undersøkinga blei innbyggarane spurt mellom anna om kor fornøgde dei er med å bu i kommunen og kva inntrykk dei har av tenestene som kommunen tilbyr på forskjellige område.

For å nå ut til flest mogleg innbyggarar, sende vi ut over 2 100 SMS-ar til alle som er folkeregistrerte i Fjaler kommune og som er minst 16 år gamle. Heile 767 innbyggarar deltok, noko som betyr at over ein tredjedel av dei som mottok SMS-en valde å delta. 

Tusen takk til alle som deltok!

Kva blir resultata brukt til?

Innbyggarundersøkinga blei gjennomført i samband med høyringa av planprogramma for kommuneplanen sin samfunnsdel og kommunedelplan for Dale. Innspela frå innbyggarundersøkinga blir tatt med vidare inn i planarbeidet. Resultata dannar også et grunnlag i arbeidet med utvikling av tenestene våre. I resultata kjem det fram at innbyggarane er fornøgde med dei fleste kommunale tenestene, men det finst alltid forbetringspotensiale når vi arbeider med utviklinga av tenestene våre.

Hugs høyringsfristen 30. mars

Vi minner om at det framleis er mogleg å kome med innspel til planarbeid med kommuneplanen sin samfunnsdel og kommunedelplan for Dale

Lenke til resultata

Resultata frå innbyggarundersøkinga (PDF, 479 kB)