Fastlegesituasjonen i Fjaler kommune

Sjølv om situasjonen er blitt noko betre nasjonalt er det fortsatt rekrutteringsutfordringar på legar, særskilt til stillingar i små kommunar og i distrikta. 

Vi har eit kontinuerlig fokus på rekruttering av legar og har som målsetting å rekruttere legar for lengre periodar.

Det er viktig å formidle at innbyggarane i Fjaler kommune kan søke om og har rett på fastlege. Du blir tildelt plass på ei ubesatt fastlegeliste og den legen som er vikar på lista blir din fastlegevikar. Innbyggarane på fastlegelister med vikar har same rettigheitar som andre.

Werner Garre sin fastlegepraksis går som normalt.