Flyktningtenesta endrar namn til integreringstenesta

Måndag 24. oktober blei det vedtatt at flyktningtenesta endrar namn til integreringstenesta. Det er fleire grunnar til at vi endrar namnet på tenesta. I denne artikkelen skal vi ha fokus på tre viktige punkt: kategorisering, integreringsprosess og identitetsfaktorar.

Kategorisering

Ein viktig del av ein god integreringsprosess er at personar ikkje blir kategorisert som «flyktning» for resten av livet. Vi følgjer opp personar som har vore her alt frå nokre timar, til fleire år. På eit tidspunkt i denne tidslinja er ikkje denne personen lenger ein «flyktning», men ein medborgar i Fjaler. Dette er ein individuell prosess, med ingen fasit for kva som opplevast som riktig for den enkelte personen. 

Integreringsprosessen

Ansvaret for integreringsprosessen ligg ikkje på kvar enkelt teneste/etat/instans, men vi må alle stå saman og kjenne på eit eige ansvar på individuelt nivå og samfunnsnivå. Alle må hjelpe til med ein god integreringsprosess for kvar individuell person. Vi som bur i Fjaler kommune har eit ansvar saman om å sørgje for at dei som blir busett her trivast og har lyst til å bli her. 

Identitetsfaktorar

Personar som vi følgjer opp i vår teneste har kome til Noreg som flyktningar, ikkje fordi dei vil, men fordi dei har måtte reise frå det dei kjenner. Dei må starte livet på nytt, samt bygge opp nye roller, identitetsfaktorar og statusar.  Ein felles faktor for dei som kjem til Fjaler som flyktningar er at dei er motiverte til å bidra i det nye samfunnet som dei har no har blitt ein del av. Vi må vere nysgjerrige og opne i møte med det som opplevast som nytt og ukjent, jamfør Fjaler kommune sin visjon om å vere eit ope samfunn. Ved å endre namnet på tenesta, ynskjer vi å vektlegge viktigheita av gode integreringsprosessar i eit samfunn.

Integreringstenesta i Fjaler kommune