Vedtak av plan - Reguleringsplan for Lammetun

Plankart for reguleringsplan for Lammetun, gbnr 272/3 - Klikk for stort biletePlankart for reguleringsplan for Lammetun, gbnr 272/3

I kommunestyre 15.12.2022 vert det gjort følgjande vedtak:
«I samsvar med plan-. og bygningslova §12-12 vert detaljreguleringsplan for Lammetun datert 23.11.22 vedteken. Grunna motsegn på området BC2_1 vert planen oversendt til departementet for endeleg avgjerd.»
 

De blir med dette varsla om planvedtaket i samsvar med plan- og bygningslova (pbl.) § 12-12. Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området med unntak av område BC2_1 der vedtaket må avgjerast av departementet før eventuell rettsverknad.


Det vedteke framlegget legg blant anna tilrette for fleire hyttetomter, bustadtomter, småbåthamn og utviding av campingplassen.

 

Plandokument

 

Vedtaksbrev (PDF, 296 kB)
Plankart (PDF, 13 MB)
Føresegner  (PDF, 618 kB)
Planskildring med ROS og KU (PDF, 7 MB)

Plandokumenta finn ein også på arealplaner.no.


Eventuelle klagar


Enkeltvedtak kan påklagast av ein part eller annan med rettsleg klageinteresse i saka, med klagefrist til 14. april 2023, eller 3 veker frå det tidspunkt underretning om vedtaket er komme fram til vedkomande part, jf. forvaltningslova §§ 28 og 29. 

Ei eventuell klage merkast med sak 16/2027 og sendast til:

Fjaler kommune

Dalstunet 20

6963 Dale i Sunnfjord

Eller epost til post@fjaler.kommune.no