Arealoverføring

Overføring av areal mellom to eigedommar utan å opprette nytt bruksnummer

Kva er arealoverføring?

Arealoverføring er å overføre areal mellom eigedommar som har felles grense. Arealoverføring blir brukt når arealet som skal overførast er meir enn 5 % av den minste eigedommen. Det krev søknad og løyve etter plan- og bygningslova. 

Arealoverføring er deling av grunneigedom. Arealoverføring er ei deling av grunneigedom, der deling, overskøyting, og samanslåing skjer i same sak. Det vert ikkje oppretta eit nytt bruksnummer på arealet slik som ved vanleg deling. Dersom du får godkjent søknad blir saka sendt til oppmåling for vidare gjennomføring. 

Slik søker du

Her finn du oversikt over søknadsprosessen for arealoverføring.

Oppmåling

Når løyve til arealoverføring er gjeve vert saka overlevert til oppmåling, og du vert kontakta av oppmålingsansvarleg i kommunen. De vil sidan få skriftleg varsel omlag 14 dagar før oppmålinga. Oppmåling må gjennomførast innan 3 år frå delingsløyve er gjeve. 

For meir informasjon, sjå eiga side om oppmåling av eigedom:

Oppmåling av eigedom

Kontaktperson for oppmåling er Leif Helge Rivedal:

Deling av eigedom

Arealoverføring er deling av grunneigedom, som krev søknad og løyve etter plan- og bygningslova.

Du finn meir informasjon på eiga side for deling av eigedom. 

Einar Aase
Rådgjevar byggesak
E-post
Telefon 57 73 80 42
Lill Hege Olset
Ingeniør byggesak
E-post
Telefon 57 73 80 41