Slik sender du byggesøknad

Før du går i gang må du vite litt om kor omfattande byggeprosjektet ditt skal vere. Har du eit mindre byggeprosjekt kan du ofte både byggje og søke sjølv, medan i større prosjekt må du kanskje bruke fagpersonar i heile søknads- og byggeprosessen. 

Sjekk først om du må sende byggesøknad

På Direktoratet for byggkvalitet sine nettsider kan du enkelt sjekke om du treng å søke:

Sjekk først om du må sende byggesøknad

Slik søker du:

1. Sjekk planar og reglar

Før du startar å bygge må du sjekke kva planar og føresegner som gjeld for eigedommen din. Ta kontakt med kommunen dersom du er i tvil om du har lov til å bygge. 

Planar og føresegner for din eigedom finn du her under "Finn planar"

2. Skriv ut situasjonskart og teikn inn det du skal bygge 

Eit situasjonskart er eit kartutsnitt av eigedommen. Når du søker om eit tiltak, treng du eit kart for å teikne inn kva du skal bygge. Situasjonskartet brukar du til å lage situasjonsplan for søknaden din. Bruk gjerne målestokk 1:500 eller 1:1000, og sett inn avstand til eigedomsgrense, veg og nærliggande bygg. 

Bruk gjerne kommunekart når du lagar situasjonsplan, eller ta kontakt med teknisk avdeling for bestilling av kart.

Her finn du kommunekart.

3. Slik nabovarslar du

Når du har samla alle dokument du treng til byggesøknaden din, må du varsle naboar.

Frist for naboar og gjenbuar til å kome med merknad til nabovarsel er to veker. Du må då vente 14 dagar frå du har varsla naboar til du sender inn byggesøknad til oss. Dersom naboar har gjeve skriftleg samtykke til tiltaket kan du sende søknaden med ein gong. 

For meir informasjon og rettleiing om nabovarsel, les direktoratet si rettleing for nabovarsel. 

4. Send inn søknad

Finn alle søknadsskjema på direktoratet sin nettstad

Fyll ut alle felt i søknadsskjemaet. Sørg for at du legg ved alle dokument og vedlegg som kan vere relevant for byggesøknaden din. Legg ulik dokumentasjon i separate vedlegg. Søknaden kan du sende skriftleg til kommunen på forskjellige måtar:

Einar Aase
Rådgjevar byggesak
E-post
Telefon 57 73 80 42
Lill Hege Olset
Ingeniør byggesak
E-post
Telefon 57 73 80 41