Ferdigattest og bruksløyve

Når bygget er ferdig må du søke kommunen om ferdigattest. Alle tiltak som er søknadspliktige skal avsluttast med ferdigattest. Det er ikkje lov til å ta i bruk det du har bygd før kommunen har gjeve ferdigattest eller mellombels bruksløyve. Ferdigattest blir gjeve på bakgrunn av innsendt dokumentasjon, og er kommunen si avslutning på byggesaka. 

Søke om ferdigattest eller mellombels bruksløyve

Søknadsskjema for ferdigattest 

Søknadsskjema for mellombels bruksløyve

  • Send søknad på e-post: post@fjaler.kommune.no
  • Send søknad via digitale løysingar
  • Send søknad i brevform til: Fjaler kommune, Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord
  • Møt opp på Fjalerhuset og lever søknad til mottaket i 1.etasje

Mellombels bruksløyve

Så lenge det kun står igjen mindre arbeid, og det ikkje er farleg å ta i bruk bygningen, kan du søke om mellombels bruksløyve. Eit mellombels bruksløyve betyr at du kan ta bygningen i bruk, men at dei siste manglane må vere gjennomført innan ein frist som kommunen setter. 

Kven skal sende inn ferdigattest?

Dersom det er sendt inn ein søknad via ein ansvarleg søkar er det ansvarleg søkar som skal søke om ferdigattest. Har du sjølv stått ansvarleg for tiltaket skal du sjølv sende inn søknad. 

Sakshandsamingstid

Sakshandsamingsfristen for søknad om ferdigattest eller mellombels bruksløyve er tre veker, men søknadene vert behandla så raskt som mogleg. 

Avslutning og ferdigattest av eldre byggesaker

Kva skal du gjere om du har eit byggetiltak til din bustad eller eigedom som manglar ferdigattest. Ved kjøp og sal av eigedom oppstår ofte denne problemstillinga at det ikkje ligg føre sluttdokumentasjon og ferdigattest på det som er bygd. 

Byggesøknad sendt før 01.01.1998

Kommunen kan ikkje skrive ut ferdigattestar for tiltak det er søkt om før 1.januar 1998. Dersom bygget er omsøkt og godkjent frå kommunen vil det ikkje vere ulovleg å bruke bygningen sjølv om ferdigattest manglar. 

Byggesøknad sendt 01.01.1998 - 30.06.2010

Dersom du har søkt om byggeløyve i perioden 1.januar 1998 til 30.juni 2010, og kommunen har gitt mellombels bruksløyve, skriv vi ut ferdigattest i følgjande tilfelle:

  • Det stod ikkje att alvorlege forhold etter at tiltaket fekk mellombels bruksløyve, og føretaket med ansvarsrett for relevant fagområde har vurdert og gitt erklæring om at forholda som står att er utført i samsvar med byggeløyve.
  • Det stod att berre forhold av mindre betyding etter at tiltaket har gitt erklæring om at arbeidet er utført i samsvar med byggeløyve. 

Dersom du søker om ferdigattest etter siste punkt, avgjer kommunen om dei attståande forholda er av ein slik art at bestemmelsen kan nyttast. 

Byggesøknad sendt etter 30.06.2010

Du må søke om ferdigattest som for nye byggesaker. Det betyr at ansvarlege føretak skal gje samsvarserklæring for utført arbeid. Etter søknad om ferdigattest kan kommunen gje ferdigattest dersom vilkåra er til stades på bakgrunn av innsendt dokumentasjon og erklæringar. 

Har du spørsmål?

Send gjerne ein e-post til ein av sakshandsamarane på byggesak om du treng hjelp eller har spørsmål. Oppgi gards- og bruksnummer til eigedommen det gjeld. Om du har spørsmål om ei byggesak som er under behandling, er det fint om du oppgir saksnummeret også. 

Reglar

Reglar om ferdigstilling av tiltak får fram av SAK10 kapittel 8.

Einar Aase
Rådgjevar byggesak
E-post
Telefon 57 73 80 42
Lill Hege Olset
Ingeniør byggesak
E-post
Telefon 57 73 80 41