Bygge og søke sjølv

Mindre byggearbeid og tiltak du kan søke om sjølv - garasje og tilbygg m.m. På denne sida vil du finne informasjon om å søke sjølv. 

Kva kan du søkje om sjølv?

Det er nokre mindre byggearbeid og tiltak ein kan søke om og oppføre, endre eller rive sjølv utan bruk av snekkar, murar eller andre fagpersonar og føretak. Du kan mellom anna søke om: 

  • Tilbygg mindre enn 50 m2 - Eit enkelt tilbygg der verken samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) er over 50 m2. Tilbygget kan i tillegg vere underbygga med kjellar.
  • Frittliggande bygning mindre enn 70 m2 - Ein enkelt frittliggande bygning som ikkje skal brukast til buareal, og der verken samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) er over 70 m2. Bygningen kan oppførast i inntil ein etasje og kan i tillegg vere underbygga med kjellar. 
  • Bruksendring - Varig eller tidsbestemt bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel eller omvendt innanfor ei brukseining. 
  • Driftsbygning i landbruket mindre enn 1000 m2 - Oppføring, plassering, vesentleg endring, vesentleg reparasjon, riving eller varig og tidsbestemt bruksendring til driftsbygning inntil 1000 m2 bruksareal (BRA). 

Før du søker: 

Før du sender byggesøknad må du kontrollere om du kan søke sjølv

Du som tiltakshavar kan sjølv velje om du vil ta ansvar for søknad, prosjektering og utføring av desse byggearbeida. Dersom du søkjer sjølv, er du ansvarleg for at det som blir bygd er i samsvar med plan- og bygningslova med tilhøyrande forskrifter, arealplan og andre løyver. 

Dersom du ikkje ynskjer å stå ansvarleg sjølv, er det ingenting i vegen for at du overlet heile eller delar av søknads- og byggeprosessen til ansvarlege føretak. 

Bruk gjerne Direktoratet for byggkvalitet sin trinnvise rettleiar for rettleiing gjennom søkeprosessen frå start til slutt.

Sjekk planar og reglar

Før du startar å bygge må du sjekke kva planar og føresegner som gjeld for eigedommen din. Ta kontakt med kommunen dersom du er i tvil om du har lov til å bygge. 

Sjekk om du er innanfor utnyttningsgrad for din eigedom

Kor mykje du kan bygge på din eigedom er avhengig av kva grad av utnytting arealplanen eller reguleringsplanen for din eigedom tillet, og kor mykje du har bygd frå før. Dersom du skal gjere endringar eller bygging som gjer at du får større byggevolum, må du rekne ut utnyttingsgrad. Då må du rekne ut bruksareal (BRA) og bebygd areal (BYA). 

For å rekne ut dette må du bruke informasjon som byggeteikningar eller måle opp bygningar og konstruksjon på din eigedom. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har ein god rettleiar som forklarar ulike begrep som BRA og BYA, samt reglane for å rekne ut grad av utnytting:

Sjekk avstand til nabogrense

Avstand frå det du skal bygge til felles nabogrense går fram av plan- og bygningslova eller byggegrenser i arealplan. Dersom ikkje anna er bestemt i plan skal byggverk ha ein avstand frå nabogrensa som minst svara til halve byggverket si høgde, og ikkje under 4 meter. 

Avstand til grensa vert rekna frå byggverkets fasadeliv. 

Nabosamtykke og mindre tiltak

Kommunen kan godkjenne at byggverk blir plassert nærare byggegrensa enn nemnd ovanfor, eller i nabogrensa:

Sjekk avstand til veg

Arealplanar og reguleringsplanar kan ha føresegner og plankart som gir føringar for kor nære du kan bygge vegen. Om ikkje det går fram av plankart eller føresegner kva som er byggegrensa til veg, så er det veglova som gjeld. 

Veglova sine byggegrenser målast frå midten av vegen:

  • 15 meter frå kommunalveg 
  • 15 meter frå gang- og sykkelveg
  • 50 meter frå fylkesveg
  • 50 meter frå riksveg

Dersom du vil bygge nærare veg enn det byggegrensa tilseie, må du søke om dispensasjon frå byggegrensa til veg:

Sjekk avstand til leidningar eller røyr i grunnen

Du må sjølv sjå til om det er leidningar eller andre røyr i grunnen der du skal bygge. Dette for å ikkje gjere skade på dei, og hindre tilgangen ved framtidig reparasjon og vedlikehald.

  • Byggegrense til kommunale leidningar i grunnen er som regel 4 meter.

Ta kontakt med teknisk avdeling dersom du er usikker på om det ligg kommunale leidningar i nærleiken av deg. 

Sjekk om du må søke om dispensasjon

Dersom det du skal bygge er i strid med gjeldande arealplan eller plan- og bygningslova må du søke om dispensasjon før du kan sette i gang med byggearbeida. 

Dersom du må søkje om dispensasjon, kan du lese under Dispensasjon for meir informasjon.

Slik sender du byggesøknad

Her finn du informasjon om å korleis du sender søknad og nabovarsel, samt kva søknaden skal innehalde av dokumentasjon og skjema. 

Slik sender du byggesøknad

Einar Aase
Rådgjevar byggesak
E-post
Telefon 57 73 80 42
Lill Hege Olset
Ingeniør byggesak
E-post
Telefon 57 73 80 41