Finn planar

Du kan finne planar for eit område ved å søke opp ein eigedom eller adresse i kommunekartet, bruke ein søkefunksjon i eit planregister, eller sjå oversikten over kommuneplanar og temaplanar på kommunen si nettside. 

For å finne ut kva som er tillate på din eigedom må du sette deg inn i reglar, planar og føresegner som gjelder for området.

Korleis finne fram til rett plan?

Finn plan i kommunekart

  1. Gå inn på Kommunekart
  2. Finn din eigedom, og vel kartlag 
  3. Sjå kartlagsinfo

Kommunekart 

Finn plan i planregister 

På nettsida for arealplanar.no finn du planregister og søkefunksjon for gjeldande areal- og reguleringsplanar i Fjaler kommune. 

Gjeldande reguleringsplanar

Kommuneplanar og temaplanar

Her finn du oversikt over ulike planar i kommunen:

Kommuneplanar og temaplanar

Kva gjeld for din eigedom?

For å finne ut kva som er tillate på din eigedom må du sette deg inn i reglar, planar og føresegner som gjelder for området. Det er viktig at du finn riktig arealplan for din eigedom.

Merk deg at det kan vere føresegner i kommuneplanen sin arealdel som er strengare enn det som står i reguleringsplan. Dette kan ha samanheng med at reguleringsplanen er av eldre karakter, og nye føresegner i kommuneplanen er relevant i dag.

For å skjøne innhaldet i arealplanar sjå gjerne Direktoratet for byggkvalitet si nettside om Slik forstår du kommunale planar

Har du spørsmål om arealplanar send gjerne ein førespurnad til kontaktperson for plan eller byggesak.

Connie Hovland
Kommunalsjef teknisk
E-post
Telefon 57 73 80 47
Mobil 91 68 20 17