Dispensasjon

Ynskjer du å frådele eigedom, bygge, rive eller endre noko som kan vere i strid med gjeldande arealplan eller plan- og bygningslova? Då må du truleg søkje om dispensasjon. 

Kva er dispensasjon?

Dersom du ynskjer å frådele eigedom, bygge, rive eller endre noko som er i strid med lov, forskrift eller plan, må du søkje om dispensasjon. Kommunen kan gje varig eller mellombels dispensasjon frå føresegner gjeve i eller i medhald av plan- og bygningslova § 19-2. Vilkåra for å gje dispensasjon er:

  1. Omsyna bak føresegna det blir søkt dispensasjon frå kan ikkje bli sett vesentleg til sides
  2. I tillegg må fordelane ved å gje dispensasjon vere klart større enn ulempene

Du kan ikkje søkje om dispensasjon frå sakshandsamingsreglane. Du kan heller ikkje få svar på utfallet av ein dispensasjon før den er handsama av kommunen. 

Eksempel på dispensasjon

  • Plassering av bygning som er i strid med regulert byggegrense
  • Bygging i strid med arealføremålet landbruk-, natur og friluftsområde (LNF)
  • Bygging nær veg
  • Tilbygg eller byggverk nærare nabogrense enn 4 meter
  • Bygningen vert høgare enn krav i arealplan
  • Utnyttingsgrada for eigedommen vert overskriden
  • Bygningen eller tiltak ligg nær sjø eller vassdrag

Er du i tvil om det du skal bygge krev dispensasjon? Send oss gjerne ein skriftleg førespurnad til ein av våre sakshandsamarar på byggesak. 

Kommunen sitt infoskriv om dispensasjonssøknad for utfyllande informasjon. (PDF, 621 kB)

Slik søker du om dispensasjon

Du kan søke om dispensasjon saman med byggesøknaden eller som ein eigen søknad. Søknad om dispensasjon skal vere grunngjeven i eige skriv. Du må og nabovarsle at du søker om dispensasjon. 

Søknaden må innhalde desse opplysningane 

  • Kven som er tiltakshavar og kven som er søkar
  • Kva eigedom søknaden gjeld
  • Kva du søker om dispensasjon frå, og kvifor du bør få dispensasjon
  • Ta gjerne med fordelar og ulemper som følgjer av dispensasjonen
  • Dokumentasjon på at det er gjennomført nabovarsel
  • Dersom du søkjer dispensasjon utan byggesøknad bør du legge ved ei enklare teikning og situasjonsplan som illustrerer kva du vil gjere.

Dersom det er eit større og komplisert byggetiltak bør du søke om dispensasjon som eigen søknad. Dersom du ikkje får innvilga dispensasjon har du då ikkje brukt tid og pengar på å engasjere eventuelle føretak og arbeid for søknaden. 

Dersom byggetiltaket treng dispensasjon frå fleire føresegner søker ein om dette i same søknad. I søknaden bør ein vere tydeleg på kva ein søker dispensasjon frå. 

Send inn søknad

Sørg for at du legg ved alle dokument og vedlegg som kan vere relevant for søknaden din. Legg ulik dokumentasjon i separate vedlegg. Søknaden kan du sende skriftleg til kommunen på forskjellig måtar:

Kva kostar det?

Her finn du betalingssatsar, gebyr og avgifter for kommunale tenester i Fjaler kommune. 

Betalingssatsar, gebyr og avgifter i Fjaler kommune

Når får eg svar på søknaden? 

Sakshandsamingstid ved søknad om dispensasjon er 12 veker. Dersom søknaden må til høyring til offentlege myndigheiter er tida 12 veker + den tida søknaden ligg til høyring. 

Einar Aase
Rådgjevar byggesak
E-post
Telefon 57 73 80 42
Lill Hege Olset
Ingeniør byggesak
E-post
Telefon 57 73 80 41