Bygge utan å søke

Bygge, endre eller rive garasje, uthus, hobbybod eller liknande inntil 50 m2. Bygge eit enkelt tilbygg som veranda på maksimalt 15 m2.

Sjekk først planar og reglar

Dersom det du skal bygge er i strid med gjeldande arealplan eller plan- og bygningslova må du søke om dispensasjon før du kan sette i gang med byggearbeida. Dette gjeld sjølv om det du skal bygge er unntatt søknadsplikt. 

Kva kan du bygge?

Du kan til dømes bygge ein mindre garasje, utebod og liknande bygg, samt mindre tilbygg utan å søke. 

Du har sjølv ansvar for at det ikkje blir bygd i strid med lover og reglar, og at det du skal bygge er i samsvar med gjeldande planføresegner for din eigedom. Det er viktig at alle vilkår som krav i arealplan, forbod, lov og forskrift er oppfylt. 

Her finn du ei oversikt over kva du må hugse på

Har du spørsmål?

Har du spørsmål om kva du kan gjere på din eigedom, eller om det er unnateke søknadsplikt, ber vi om at du sender ein skriftleg førespurnad til oss.  

Regelverk

Tiltak som er unnateke søknadsplikta går fram av forskrift om byggesak SAK10 §4-1 på direktoratet sin nettstad

Einar Aase
Rådgjevar byggesak
E-post
Telefon 57 73 80 42
Lill Hege Olset
Ingeniør byggesak
E-post
Telefon 57 73 80 41