Bygging av garasje, tilbygg og andre mindre tiltak i LNF område?

Dersom du skal bygge ein garasje, tilbygg eller andre mindre tiltak i LNF område må du som regel søke om dispensasjon. Årsaka er at i LNF område er det berre tillate med tiltak som er meint for gardsbasert næringsverksemd. Om du då har ein bustadeigedom som ligg i LNF, er ikkje garasjen eller tilbygget meint somt eit landbrukstiltak. 

Det vil vere kurrant å få dispensasjon for bygging av mindre tilbygg og garasje på slike eigedommar. Det er ein føresetnad at det ikkje kjem i konflikt med dyrka mark eller andre landbruksinteresser. 

Sjekk kommunekart om din eigedom ligg i LNF område

Dispensasjon

Lill Hege Olset
Ingeniør byggesak
E-post
Telefon 57 73 80 41