Kommunestyret har arbeidsmøte om budsjettet for 2027

Kommunestyret samlast i kveld, 4. november 2026, til arbeidsmøte om budsjettet for 2027. Dette er ikkje eit ordinært kommunestyremøte, men eit arbeidsmøte der kommunestyret skal få informasjon, drøfte utfordringar og arbeide vidare med budsjettprosessen.

Redusert Telenor dekning

Det har oppstått ein feil i Telenor sitt nett som medfører redusert til ingen dekning i område rundt Øyefjellet i Fjaler som merka på kartet under. Bakgrunn for feilen er brann i hytte/teknisk utstyr og det tek difor noko tid før feilen vert retta. Fjaler kommune og Telenor jobbar tett saman for å få stasjonen tilbake i drift så snart som mogeleg. Sjå Telenor sitt dekningskart for meir informasjon og oppdatering.  

Vaksinering hausten 2026

Det blir også i år vaksinering på tre ulike stader i Fjaler: Guddal, Våge og Dale. Merk deg at vaksineringa i ytre Fjaler i år blir gjennomført på Våge skule. ikkje på Joker Korssund.

Høyring: fem dagars skuleveke for 1. og 2. klasse i Fjalerskulen

Fjaler kommune vurderer å innføre fem dagars skuleveke for elevar i 1. og 2. klasse ved Dingemoen skule, Flekke skule og Våge skule frå skulestart 2027. Kommunestyret har vedteke å sende saka på høyring og ønskjer innspel frå føresette, elevar, tilsette, FAU, råd, organisasjonar og andre interesserte.

Høyring - Farvassavgift og sakshandsamingsgebyr 2027

Alden hamneområde har vedteke å sende forslag om farvassavgift og sakshandsamingsgebyr 2027 på høyring. 

Invitasjon til skogkveld

Skogselskapet og Hyllestad kommune inviterer til skogkveld på Hotel Sognefjord i Leirvik, torsdag 26. november kl 19:00

Melding om arbeid i Badevika

Fram til midten av november vil det føregå arbeid i Badevika, og det vil difor vere redusert framkomelegheit i denne perioden. 

Kven vil du foreslå til FJALERPRISEN 2026?

Fjalerprisen er ein samla pris som erstattar tidlegare næringspris og kulturpris. Det er bestemt at prisen skal delast ut kvart 2. år.

Kunngjering av fastsett planprogram - Kommunedelplan for Dale

I møtet 9. september 2026 vedtok kommunestyret å fastsette planprogrammet for kommunedelplan for Dale. Det vedtekne planprogrammet legg føringar for komande planarbeid. 

Tilskot til aldersvennleg oppgradering av eigen bustad

Du kan få økonomisk støtte frå Husbanken til å gjere bustaden din meir aldersvennleg. Dette er ei ny tilskotsordning, og du må sende søknaden til Husbanken innan 30.oktober 2026.