Høyring: fem dagars skuleveke for 1. og 2. klasse i Fjalerskulen

Fjaler kommune vurderer å innføre fem dagars skuleveke for elevar i 1. og 2. klasse ved Dingemoen skule, Flekke skule og Våge skule frå skulestart 2027. Kommunestyret har vedteke å sende saka på høyring og ønskjer innspel frå føresette, elevar, tilsette, FAU, råd, organisasjonar og andre interesserte.

Om forslaget 

Forslaget inneber at elevane får undervisning fem dagar i veka i staden for fire. Timetalet skal vere det same som i dag, men fordelast over fleire dagar. Målet er mellom anna kortare skuledagar, jamnare læring gjennom veka og meir føreseielege rammer for elevane og familiane. SFO-tilbodet vil halde fram med dei same opningstidene som i dag.

Kommunedirektøren ønskjer særleg innspel på dei prinsippa som er foreslått lagt til grunn for ordninga.

Saksdokument og politisk handsaming i kommunestyret

For å gi eit godt grunnlag for høyringsinnspel kan du lese saksframlegget og sjå kommunestyret si behandling av saka.

 

Slik sender du innspel:

Merk innspelet med saksnummer 26/90 og send det til Fjaler kommune innan 30. november 2026.

Du kan sende høyringsuttale:

Høyringsuttalar som kjem inn til kommunen, blir registrerte på offentleg postliste og gjorde tilgjengelege i fulltekst på kommunen si heimeside.

Alle innspel, merknader og fråsegner vert vurderte samla etter at høyringsfristen har gått ut. Dei vert refererte og vurderte i det endelege saksframlegget til kommunestyret, som skal handsama saka i desember.