Alle permisjonar du kan søke om står i permisjonsreglementet.
Du finn permisjonsreglementet i kvalitetshandboka under personal og HMT
Er du 100 % sjukmeldt når ferien starter, kan du kreve å få utsatt ferien. Er du derimot gradert sjukmeldt, skal du ta ferie som planlagt.
Er du 100 % sjukmeldt minst ein arbeidsdag i ferien, har du rett på å få ferien igjen seinare.
- Vert du sjuk medan du er på ferie i eit EØS-land, har du rett til ny ferie med lønn.
- Om du ferierer i eit land utanom EØS, har du rett til ny ferie, men utan lønn.
Føresetnaden for at du kan få igjen ferien er at du kan dokumentere sjukdommen med legeerklæring frå feriestaden. Legeerklæring må du legge fram for einingsleiaren din når du starte opp igjen i arbeid.
Du får berre erstatta tal dagar du har vore sjukmeldt.
Du kan overføre to ferieveker til neste år. Du har ikkje noko krav på å få overført ferie, arbeidsgjevar avgjer. Du må søke om overføring i god tid.
Ta kontakt med leiaren din.
Det er litt ulike rutinar ut frå kor alvorleg du skader deg og om det er i eller utanfor arbeidstida. Uansett så kontaktar du din leiar som hjelper deg med å fylle ut alle skjema.
Du finn informasjon om melding av skade i kvalitetshandboka under personal og HMT.
Som tilsett i Fjaler kommune har du desse forsikringane:
- Gruppelivsforsikring som gjeld utbetaling ved dødsfall.
- Yrkesskadeforsikring (lovfesta) som gjeld medisinsk invaliditet, ervervsuførheit og dødsfall som følge av yrkesskade/yrkessjukdom i arbeid på arbeidsstaden i arbeidstida.
- Tariffbestemt yrkesskade omfattar det same som yrkesskadeforsikring, men gjeld på direkte reise til/frå arbeid og på tenestereise.
- Ulykkesforsikring på fritid.
- Tenestereiseforsikring.
I Kvalitetshandboka under personal og HMT finn du meir informasjon om forsikring.
Vanlegvis gjeld desse oppseiingstidene, men du kan også bli enig med leiaren din om ei anna oppseiingstid.
Gjensidig oppseiingstid arbeidstakar/arbeidsgjevar:
- Fast tilsett: 3 månader oppseiingstid
- Mellombesl tilsett: 1 månad oppseiingstid
- Mellombels tisett i inntil 2 månader: 14 dagar
- Ved skriftleg tilsetting med inntil 6 månader prøvetid: 14 dagar i prøvetida
Då skal du kontakte din leiar og informere han/ho om kva du har sett/observert.
Du kan og kontakte AKAN- kontakt i kommunen som er personalsjef Wenche Elveseter
Du melder avvik i kvalitetshandboka under modulen avvik. Ta kontakt med leiaren din om du treng hjelp til å melde inn avvik.
Å varsle er å seie frå om kritikkverdige tilhøve på arbeidsplassen. Døme på kritikkverdige tilhøve kan vere:
- Tilhøve som kan føre til fare for liv og helse
- fare for klima eller miljø
- korrupsjon eller annan økonomisk kriminalitet
- maktmisbruk
- uforsvarleg arbeidsmiljø
- brot på personopplysningstryggleiken
I Kvalitetshandboka under personal og HMT finn du informasjon om korleis du går fram ved varsling.
Regelverk som styrer tilsetjingsforholdet i Fjaler kommune finn du i kvalitetshandboka under personal.
her vil det komme meir informasjon.
Kompetansetillegg er eit lønstillegg som du kan få om du tar relevant vidareutdanning. Du kan få frå 7500 – 20 000 kroner avhengig av omfanget av utdanninga.
Om du jobbar i barnevern, ungdomsklubb, barnehage, skule, kulturskule, PPT eller innan pleie og omsorg, skal du levere politiattest før du startar å arbeide.
Politiattesten kan ikkje vere eldre enn 3 månader. Du må søkje politiattest elektronisk på www.politi.no. For å søke må du legge ved «Stadfesting av føremålet med politiattest». Denne stadfestinga sender vi deg elektronisk når du har takka ja til stillinga.
Du loggar inn i Visma Enteprise
Lønslippen din finn du under "meg selv". Vel "dokumenter" og "lønnslipper"
Du loggar inn i Visma Enteprise
Under "meg selv" finn du "ekstra forskuddstrekk". Her legg du inn det beløpet du ynskjer og kva periode du ynskjer dette.
Når du har vore tilsett i 2 månader, kan du bruke eigenmelding ved sjukdom. Hugs å ta kontakt med leiaren din på telefon første fråværsdag.
Du kan ikkje bruke eigenmelding
- før du har vore tilsett i 2 månader (før det må du ha sjukmelding)
- dersom du samtidig har ei gradert sjukmelding
- i forlenging av ei sjukmelding
- når du har oppnådd maksdato
- når du har brukt 24 eigenmeldingsdagar i løpet av siste 12 månader
- når du har brukt 8 dagar med eigenmelding innanfor dei siste 16 dagane
Dersom du har vore sjuk i meir enn 16 kalenderdagar samanhengande (arbeidsgjevarperioden), må det gå 16 nye kalenderdagar før du kan bruke eigenmelding igjen.
Når du har vore tilsett i 1 månad, kan du bruke eigenmelding i 3 samanhengande kalenderdagar om du har sjuke barn under 12 år. Frå 4. dag, må du levere legeerklæring på at barnet er sjukt. Dette gjeld også om den som til dagleg passar barnet, er sjuk.
Kor mange dagar du har rett til å vere heime med sjuke barn totalt i løpet av eit år, vil variere med tal barn og omsorgssituasjon.
Når du har vore sjuk i eitt år får du vanlegvis inntil eitt års permisjon utan løn, og om sjukdomen varer utover dette kan du få permisjon i ytterlegare eitt år.
Vilkår for å få permisjon er at du er under behandling og at det er utsikt til betring.
Du må søke permisjon i den perioden du er sjukmeldt utover eitt år.
Er det ikkje noko betring i helsesituasjonen din etter to år, vil arbeidsgjevar vurdere oppseiing eller du kan seie opp stillinga di sjølv.