Medverknadsaktivitetar våren 2026
Ope kontor på Samvirket
Fredag 20. mars vert det ope kontor på Samvirket frå 07:00 til 12:30. Her kan du kome innom viss du har spørsmål eller innspel til arbeidet med kommunedelplan for Dale.
Presentasjon av planprogrammet for Pensjonistforbundet Fjaler
Tysdag 24. mars kjem vi innom møtet til Pensjonistforbundet Fjaler, der vi presenterer planprogrammet og opplyser om korleis ein kan gje innspel til planprosessen. Vi vil også svare på spørsmål frå salen på sjølve møtet.
Frukostmøte med Nytta
Tordag 9. april inviterer Fjaler kommune og Nytta til frukostmøte på Samvirket. Her skal vi presentere planprogrammet som ligg ute på høyring, og opplyse om kva som er viktig å få med tidleg i planarbeidet. I tillegg skal vi diskutere nokre problemstillingar som vi har i Dale i dag.
Les om kva som vart diskutert under frukostmøtet
Gjennomførde medverknadsaktivitetar 2025
Innbyggarundersøkinga
I januar 2025 fekk vi inn heile 767 svar i innbyggarundersøkinga. Svara som kom inn her vil vere med å styre planarbeidet framover.
Sjå resultata frå innbyggarundersøkinga. (PDF, 479 kB)
Barnetråkk
Arbeidsgruppa for samfunnsdelen gjennomførte Barnetråkk på Flekke og Dingemoen skule våren 2025. Tilsaman deltok 60 elevar i gjennomføringa. Barnetråkk er eit verktøy der elevar enkelt kan registrere og kartfeste korleis dei brukar sitt nærmiljø. På den måten får vi barn og unge sine synspunkt inn i planarbeidet i kommunen.
Resultata frå Dale vil vere med å forme arbeidet med Kommundelplan for Dale.
Sjå resultata frå Barnetråkk i Fjaler 2025. (PDF, 334 kB)
Folkemøte
Januar og februar 2025 vart det halde folkemøte i samband med oppstart av samfunnsdelen. Det var folkemøte på Guddal, Våge, i Flekke og Dale. Møta var ein kombinasjon av informasjon og gruppearbeid. I tillegg vart same opplegget gjennomført for kommunestyre og internt i kommunen. Innspel som er relevante for Kommundelplan for Dale vil vere med vidare i planarbeidet.
Sjå oversikt over alle innspel. (PDF, 133 kB)
Sjå oppsummering av alle innspela. (PDF, 98 kB)