Idear på post-it lappar
Erlend B. Kyllingstad
Melkevegen
Melkevegen er gata som går frå Dalsvegen til Dalstunet med Samvirket og Dale senter på kvar si side. Gata er i dag stengt for køyrande og fungerer som gågate. Dette er den mest sentrale gata i Dale, noko som betyr at potensiale for mange typer verksemd er svært stor. Dette området vart diskutert på bakgrunn av at mange ynskjer seg ei opprustning og satsing på denne gata som samlingspunkt for aktivitet og næringsverksemd, med moglegheit for leilegheiter eller kontor i høgda.
I diskusjonen kom det fram at mange ser potensiale denne gata har som gågate og ynskjer å vidareutvikle denne ideen. Mange ynskjer å rive Tunkaféen(Dalstunet 18) og bygge eit bygg som betre utnyttar tomta både i areal og i høgda med næring i 1. etasje og leilegheiter oppå. Det var òg ynskje om å erstatte gamle politistasjonen med eit bygg som står langs med gata og som kan innehalde butikkareal og leilegheiter. Målet er at leilegheitene kan møte etterspurnaden etter leilegheiter for eldre som vil flytte ut av einebustaden sin, eller yngre fyrstegongskjøparar.
Somme meiner at ein skal ta vare på mykje av utforminga slik den er i dag. Ikkje rive Tunkaféen, men heller utnytte huset betre for å ta vare på eldre hus. I tillegg var det delte meiningar om ein skulle utvide gågata heilt ned til Dalstunet eller om ein skulle behalde parkeringsplassane mellom Fjalerhuset og posten. Å lage til fleire parkeringsplassar rundt Fjalerhuset vart også nemnt.
For å oppsummere kan ein seie at mange ynskjer å utvikle området som i dag er stengt for biltrafikk vidare som ei gågate som fungerer som naturleg samlingspunkt og er innbydande til aktivitet. Å bruke arkitekt til å lage ei utforming, gjere endring på fasadane og generelt ruste opp gågata var blant forslaga for å gjere denne gata meir attraktiv som ein stad å opphalde seg på.
Fjaler Ungdomsskule/Vollamyra
Dette er eit område med stort potensiale. Deler av området er i dag gamle Fjaler ungdomsskule der Fjaler kommune er eigar. Vollamyra er ein bø i privat eige, og som har vore nemnt i ulike samanhengar i samanheng med vidare utvikling. Vi valde difor å ha dette området som eit av diskusjonstemaa, for å få fram idear og meiningar om kva dette området kan brukast til.
Her var det mange som ville at området skal nyttast til leilegheiter eller andre tette buformer. I tillegg kom det fram forslag om å utnytte Fjaler ungdomsskule til folkehøgskule for å fange opp unge vaksne i aldersgruppa 19-23 som det er svært få av i Dale frå før av.
Somme meinte at ein bør etablere ny gravplass på Vollamyra eller på Fjaler ungdomsskule, for å løyse utfordringa med kapasitet på gravplassar i Dale. Det var stor semje om at det er viktig å ha god forbindelse får mjuke trafikantar frå dette området opp til Trudvang, Coop/Europris og Dale VGS/Fjalerhallen.
I tillegg vart det nemnt at ein kan satse på å samle alle helse- og omsorg-tenestene her på lang sikt, med å starte med omsorgsbustader, for så å byggje ny sjukeheim når det eksisterande går ut på dato.
Byggtorget
Området der Byggtorget ligg i dag har fått mykje merksemd i det siste, då verksemda Byggtorget skal flytte til nokre andre lokale i sentrum. Dette gjer at dette område vert aktuelt no for anna bruk enn før, og det har allereie vorte spelt inn frå Nytta eit forslag om leilegheiter her. I tillegg kan Fjaler kommune vere ein trygg kunde, sidan kommunen har behov for leilegheiter til omsorgsbustader, og plasseringa i tilknyting til sjukeheimen er utmerkt for noko slikt her.
Diskusjonane kring område med Byggtorget var stort sett samde om at det burde vere leilegheiter her slik som illustrert i forslaget til Nytta i Firda. Plasseringa ved fjorden med nærleik til sentrum og Badevika vert sett på som veldig attraktiv, og vil gjere det mogleg å realisere bustader her. Det er nokre som har bekymringar om at ei slik utbygging vil privatisere strandsona i dette området, men samtidig er det eit ynskje om samanhengane fjordpromenade frå Badevika til sentrum, og dette vil gjere strandsona tilgjengeleg og open for allmenn bruk.
Utanom var det fleire andre idear. Nokre føreslo å leggje til rette for kafé/restaurant, mens andre heller ville utvide Badevika og gjere friområdet større. Nokre ville halde døra open for å fortsetje å nytte området til næring medan andre meinte at det var uheldig då ein ser at tilkomsten ikkje er god for den type trafikk, og at ein heller ynskjer å minke trafikkmengda på strekninga inn til området.
Gravplass
Å finne nytt areal til gravplass i Dale har vore tema i mange år. Det noverande arealet er ikkje stort nok, og det har vorte føreslege mange forslag opp gjennom åra.
I diskusjonen kom det fram mange forskjellige løysingar. Mange meinte at vi bør satse på krematorium og meir kremering i framtida, då dette tek mindre plass, og dette er eit tilbod som manglar i regionen. Eit anna forslag var å leggje frå seg idéen om å ha meir areal for gravplass i Dale, og heller vurdere nye område i t.d. Flekke.
Utanom vart fleire stader i Dale nemnt til gravplass. Vollamyra, Dingemoen, Fjaler ungdomsskule, Dalsåsen, og Moldbakkane vart nemnde og alle har sine fordeler og ulemper med tanke på plassering og tilkomst. Mange var einige i at eit alternativ kunne vere å utvide noverande gravplass til der som Ljosheim står i dag, då dette vil vere ei god løysing i nokre år framover. Ein må i så fall vurdere ulempene med å fjerne Ljosheim, og alternativ for aktivitetane som skjer og kan skje der i dag.
Parkering
Oppsummering av diskusjonen er på veg!