Når må du søke om utsleppsløyve?
Bustad og fritidsbustad
- Du må søke når du skal etablere eit nytt utslepp av sanitært avløpsvatn
- Du må søke når du vil auke eit eksisterande utslepp vesentleg
- Søknad om utsleppsløyve må vere godkjent før byggesøknaden din kan handsamast
Dersom du skal byggje ny bustad eller fritidsbustad i område der du ikkje kan kople til kommunalt avløp, må du som regel søke om utsleppsløyve. Det same gjeld om du planlegg å auke eksisterande utslepp utover det du har løyve til, til dømes ved installering av vassklosett, dusj, bad, våtrom, o.l. Ta kontakt med kommunen for rettleiing dersom du er usikker på om du kjem til å auke eksisterande utslepp.
Næringsbygg og andre bygg
- Du må søke når du skal etablere eit nytt utslepp av sanitært avløpsvatn
- Du må søke når du skal etablere eit nytt utslepp eller påslipp av oljehaldig avløpsvatn
- Du må søke når du skal etablere eit utslepp eller påslipp av feitthaldig avløpsvatn, feittavskiljar
- Du må søke når du vil auke eit eksisterande utslepp vesentleg
- Søknad om utsleppsløyve må vere godkjent før byggesøknaden din kan handsamast
Ta kontakt med kommunen dersom du må søke om utsleppsløyve i samband med andre bygg enn bustad og hytter, og du ikkje har høve å kople til offentleg vatn og avløp.
Slik søker du om utsleppsløyve
Informasjonen under gjeld i hovudsak for søknad om utsleppsløyve gjeldande bustad og fritidsbustad.
1. Innhent informasjon
- Innhent nødvendig informasjon og dokumentasjon til søknaden din. Det er søkar som skal hente inn all nødvendig informasjon og vise at det planlagde utsleppet er i tråd med krava.
- Ta kontakt med kommunen for å vite kva krav og eventuelle lokale tilpassingar som gjeld der du vil sleppe ut avløpsvatn. Sjekk med plan- og byggesaksavdelinga i kommunen om det planlagde avløpsanlegget er i samsvar med kommunen sine planar etter plan- og bygningslova.
- Etabler kontakt med ein person eller firma som kan vere nøytral fagkyndig for deg. Ver merksam på at at dokumentasjon av reinsegraden til anlegget skal vere utført av ein nøytral fagkyndig.
- Varsle naboar og andre spesielt involverte. Varsel skal sendast ut med svarfrist minimum 4 veker. Dersom du er tvil om kven som skal varslast, kan du ta kontakt med kommunen.
2. Fyll ut søknadsskjema
Søknadsskjema for utslepp av sanitært avløpsvatn frå hus og hytter
Vedlegg til søknad om utsleppsløyve av sanitært avløpsvatn
Når du har fyllt ut alle punkta i søknadsskjemaet og har lagt ved alle nødvendige vedlegg, har du levert det vi kallar ein fullstendig søknad. Ein fullstendig søknad skal handsamast av kommunen innan seks veker.
Hugs at dersom søknaden manglar opplysningar eller dokumentasjon, vil dette kunne forseinke sakshandsaminga. Dersom du har søkt om unntak, gjeld ikkje sakshandsamingsfristen på seks veker.
Dersom du sender inn søknad om utsleppsløyve og søknad om byggeløyve samtidig, vil søknadane normalt bli handsama samtidig, men i to adskilte vedtak.
Slik fyller du ut søknadsskjema gjeldande hus og hytter
Slik fyller du ut vedlegg til søknadsskjema gjeldande hus og hytter
3. Send inn søknad
Legg ulik dokumentasjon i separate vedlegg, og merk vedlegga. Søknaden kan du sende skriftleg til kommunen på forskjellige måtar:
4. Svar på søknad og vidare sakshandsaming
Dersom du har levert ein komplett søknad, er kommunen sin sakshandsamingsfrist 6 veker. Det vil i periodar med stor saksmengde på byggesaksavdelinga, kunne ta lenger tid før du får svar.
Når du har fått svar på og godkjent søknaden din, kan du gå vidare og søke om byggeløyve for avløpsanlegget ditt. Då må du engasjere eit ansvarlege føretak som kan gjere søknaden for deg, samt prosjektere og utføre arbeidet med plassering av reinseanlegg/avløpsanlegg. Ofte er oppføring av avløpsanlegg ein del av byggesøknaden din i samband med oppføring av ny fritidsbustad eller bustadhus. Dersom du kun skal bygge nytt avløpsanlegg, for eksempel til hytte som ikkje har hatt innlagt vatn eller vassklosett, så må du sende inne eigen søknad om byggeløyve for avløpsanlegg. Det vil som regel alltid vere krav til at ansvarlege føretak gjer søknaden og arbeidet for deg, når du skal bygge avløpsanlegg. Ta kontakt med kommunen om du er usikker.
Gebyr
Det vert krevd gebyr for sakshandsaming av søknad om utsleppsløyve, samt årleg tilsynsgebyr for privat slamavskiljar. Det er gebyr for tømming av kloakkslam.
Her finn du betalinssatsar, gebyr og avgifter for kommunale tenester i Fjaler kommune.
Betalingssatsar, gebyr og avgifter i Fjaler kommune
Ord og forklaringar
Avløpsvatn: Både sanitært og industrielt avløpsvatn og overvatn.
Sanitært avløpsvatn: Avløpsvatn som i hovudsak skriv seg frå menneske sitt stoffskifte og frå hushaldningsaktivitetar, herunder avløpsvatn frå vassklosett, kjøkken, bad, vaskerom eller liknande.
Gråvatn: Den del av avløpsvatnet frå vanleg hushaldning som kan tilbakeførast til avløp frå kjøkken, bad og vaskerom. Klosettavløp er ikkje inkludert.
Oljehaldig avløpsvatn: Spillvatn og overvatn som inneheld motorolje, smørefett, parafin, whit-spirit, bensin og liknande. I dette ligg også spillvatn frå vask og avfetting av køyretøy, motorvask og liknande.
Feitthaldig avløpsvatn: Avløpsvatn av animalsk eller vegetabilsk opphav. Til dømes frå bedrifter som kafe, bakeri, gatekjøkken, bensinstasjon, kiosk, cateringsverksemder, kantine, butikk med ferskvaredisk, sjukeheimar og andre med feitthaldig avløpsvatn.
Den mengde organisk stoff som brytast ned biologisk med eit biokjemisk oksygenforbruk målt over fem døgn, BOF5, på 60 g oksygen per døgn.
Avløpsanlegget sin storleik reknast ut på grunnlag av største mengde per veke som samla går til overløp, reinseanlegg eller utsleppspunkt i løpet av året, med unnttak av uvanlege forhold som for eksempel skyldast kraftig nedbør.
For utslepp av sanitært og kommunalt avløpsvatn frå avløpsanlegg mindre enn 50 pe gjeld kapittel 12 i forureiningsforskrifta.
Den ansvarlege for avløpsanlegget skal kunne dokumentere pe-storleik på reinsanlegget og dermed kva reinsekrav som gjeld.
Nøytral fagkyndig er ein person/firma/leverandør. Dette kan til dømes vere røyrleggjar med kompetanse på avløpsanlegg eller hydrolog.
Ein nøytral fagkyndig hjelp deg med dokumentasjon av reinsegrad, utforming og dimensjonering av anlegget, og eventuelt også installasjon av reinseanlegg.
Dokumentasjon av eit anlegg sin reinsegrad skal vere utført av nøytral fagkyndig.
Ynsker du å vite meir?
Ynskjer du å vite meir om private avløpsanlegg og utsleppsløyve, kan du gå vidare på lenkene i dei ulike kulepunkta under:
Lovverk og forskrifter