Krava til reinsegrad i dei enkelte kommunane kan vere strengare enn standardkrava i kapittel 12. Fjaler kommune har ikkje eiga forskrift om krav til reinsegrad per no.
Informasjonen om krava til reinsegrad som følgjer nedanfor, rettar seg mot standardkrava i forureiningskrava i kapittel 12.
Krav til reinsing
Kva reinsekrav som gjeld på den staden der du planlegg utsleppet, er avhengig av om utsleppsstaden ligg i eit følsamt/normalt eller mindre følsamt område, om det er brukarkonfliktar involvert, og om det er fare for overgjødsling.
For å finne ut kva reinsekrav som gjeld på den staden du vil sleppe ut avløpsvatn, må du først finne ut om utsleppsstaden ligg i eit følsamt/normalt område eller i eit mindre følsamt område:
- følsamt/normalt område
- Følsame/normale område er ferskvatn og kyststrekninga frå svenskegrensa til Lindesnes med tilhøyrande nedbørfelt og Grimstadfjorden-området (Nordåsvannet, Grimstadfjorden, Mathopen og Dolviken).
- mindre følsamt område
- Mindre følsame område er kystfarevatn og elvemunningar frå Lindesnes til Grense Jakobselv unnateke Grimstadfjorden-området.
Følsamt/normalt område
Dersom staden du vil sleppe ut til, er klassifisert som følsamt/normalt område, set du kryss i boksen «Utslippssted i følsomt/normalt område». Deretter må du vurdere eventuelle brukarkonfliktar og/eller fare for overgjødsling. Dersom det er brukarinteresser involvert, skal du krysse av i boks a, som er det strengaste reinsekravet. Dersom det derimot ikkje er brukarinteresser involvert, men fare for overgjødsling, kryssar du av i boks b, der reinsekravet ikkje er fullt så strengt som for a. Dersom det verken er brukarinteresser eller fare for overgjødsling, kryssar du av i boks c (det minst strenge kravet).
Gjeld søknaden berre gråvatn (avløpsvatn frå hushald som ikkje inneheld klosettvatn) som blir sleppt ut i stadeigne lausmassar eller liknande, skal du krysse av i boksen «stedegne løsmasser eller tilsvarende».
Mindre følsamt område
Dersom utsleppsstaden er eit mindre følsamt område, skal du setje kryss i boksen «Utslippssted i mindre følsomt område». Du må i tillegg spesifisere reinsegrad ved å krysse av for anten (a) 20 % reduksjon av suspendert stoff eller (b) maksimum 180 mg suspendert stoff/liter (årleg middelverdi). Gjeld søknaden gråvatn som skal sleppast ut til mindre følsam sjøvassresipient, er det ikkje krav til reinsing, og du kan krysse av i boksen «urenset».
Unntak frå reinsekrav
Dersom du søkjer om unntak frå reinsekrava, skal du krysse av i boksen:
«Det søkes unntak fra §§12-8 til 12-9 / lokal forskrift». Hugs at du må leggje ved ei grunngiving/spesifisering for ønsket om unntak frå reinsekrava (vedlegg B).
Type reinseanlegg
Under punktet «Type renseanlegg» skal du oppgi kva slags reinseanlegg du ønskjer å installere. Gjeld søknaden minireinseanlegg, skal du også fylle ut «Tillegg for minirenseanlegg».
Storleik på anlegg, tal pe
Den dimensjonerte storleiken på anlegget skal førast opp i talet på personekvivalentar pe. Dette finn du for eksempel i dokumentasjonen frå anleggsleverandøren. Når du skal vurdere kor stort anlegg du skal velje, bør du tenkje i eit perspektiv på 10 år. Anlegget bør uansett ikkje vere dimensjonert for mindre enn 5 pe.