Bygging av garasje, tilbygg og andre mindre tiltak i strandsona?

Det er byggeforbod mot tiltak i 100-metersbeltet langs sjø (strandsona). Byggeforbodet er fastsett i plan- og bygningslova §1-8, og gjeld også for mindre tiltak. Dersom du skal bygge ein garasje, tilbygg eller andre mindre tiltak nærare sjø enn 100 meter må du søke om dispensasjon.

Dersom det er ein nyare reguleringsplan for din eigedom, kan det vere at det er sett byggegrense mot sjø som gjer at du kan bygge nærare sjøen enn 100 meter. Vidare er det i arealplanar og reguleringsplanar som regel sett generelle byggegrenser til elver og bekkar (vassdrag).

Mål i kommunekart om din eigedom ligg nærare sjøen eller 100 meter

Sjekk om din eigedom har byggegrenser i føresegn eller plankart som gjeld avstand til sjø og vassdrag

Meir informasjon om dispensasjon, finn du under informasjonsside om dispensasjon.

Lover og reglar

Plan- og bygningslova §1-8 Forbod mot tiltak mv. langs sjø og vassdrag

Plan- og bygningslova §1-6. Tiltak