Kommunedelplan for Dale 2026–2038

Fjaler kommune har starta arbeidet med å revidere kommunedelplanen for Dale. Her kan du følge med i planarbeidet. 

Tidslinje for planarbeidet

Kommuneplanen sin arealdel for Fjaler kommune blei vedteken av kommunestyret i mars 2024 etter mange års arbeid. Arealdelen dekker heile kommunen, bortsett frå Dale der kommunedelplanen frå 2015 framleis gjeld.

Kommunedelplanen skal legge langsiktige føringar for arealbruk i Dale for dei komande åra. 

Planprogram

2025

Forslag til planprogram vart lagt ut på høyring i starten av januar 2025 og høyringsperioden varte fram til 30. mars 2025. I høyringsperioden var det mogleg å kome med innspel til planarbeidet. Kommunestyret fastsette planprogrammet i mai 2025.

Fastsett planprogram frå 2025 (PDF, 2 MB)

 

2026

Etter at planprogrammet vart vedteke stoppa planarbeidet opp, og kommunen såg behovet for å varsle oppstart på nytt for å gjennomføre fleire medverknadsaktivitetar for å få fleire innspel til planarbeidet. Det var ein ny høyringsperiode i 2026 frå 26. februar til 26. april, der det kom inn 23 uttalar til planarbeidet. 

Innspela som kom inn i fyrste og andre runde med oppstart av planarbeidet kan lesast på kommunen si heimeside. 

 

Forslag til planprogram 2026

Erlend Berge Kyllingstad
Arealplanleggar
Telefon 57 73 80 42