Tidslinje for planarbeidet

Her kan du fylgje tidslinja frå oppstart av planarbeidet til endeleg vedteken plan. 

Vinteren 2025

Det vart varsla oppstart med Kommunedelplan for Dale, og planprogrammet vart samstundes lagt ut på høyring frå 6. januar til 30. mars. 

Det vart gjennomført medverknadsaktivitetar i høyringsperioden for å få innspel til planarbeidet. 

  • Det vart gjennomført innbyggarundersøking i samband med høyringa av planprogrammet for Kommuneplanen sin samfunnsdel, med eigne spørsmål om framtidig arealbruk i Dale. 
  • Barnetråkk vart gjennomført for å nyttast inn i arbeidet med Kommuneplanen sin samfunnsdel, Trafikktryggingsplanen, og Kommunedelplan for Dale. 
  • Det vart arrangert folkemøte i Guddal, Våge, Flekke, og Dale, i samband med Kommuneplanen sin Samfunnsdel. Innspel som er relevante for Kommundelplan for Dale, vil vere med å forme planarbeidet. 

 

Hausten 2025

Arbeidet med Kommuneplanen sin samfunnsdel og Trafikktryggingsplanen vart prioriert, og utarbeiding av Kommunedelplan for Dale vart difor forseinka. Desse planane skal nyttast i utarbeidinga av Kommunedelplan for Dale og det var difor viktig å ha dei på plass før det vart utarbeida eit planutkast. 

 

Våren 2026

På grunn av stopp i framgangen med planarbeidet, og behov for meir medverknad vart det varsla ny oppstart av planarbeidet og planprogrammet vart lagt ut på høyring. Høyringsperioden vart sett frå 2. mars til 26. april, og det kom inn 23 innspel. 

Det vart gjennomført ei ny runde med medverknadsaktivitetar i høyringsperioden. 

  • Fredag 20. mars var det Ope kontor på Samvirket, der innbyggarane hadde høve til å kome innom for å diskutere og stille spørsmål til planarbeidet.
  • Tysdag 24. mars var arealplanleggar inne hjå Pensjonistforbundet i Fjaler og presenterte planprogrammet og opplyste om planarbeidet og korleis ein kan gje innspel til planen. 
  • Torsdag 9. april vart det arrangert frukostmøte med Nytta på Samvirket. Her var det lokale næringslivet og formannskapet spesielt invitert, for å jobbe med gruppearbeid på nokre areal som er aktuelle for utvikling i Dale.  

 

Hausten 2026

Planprogrammet skal vedtakast og arbeidet med å utgreie alternativ for arealbruk er i full gang! Alle område som vert vurdert til å kome med i endeleg plan må gjennom ei konsekvensutgreiing for å analysere kva konsekvensane av ei eventuel arealendring vil medføre.