Søke om Serveringsløyve

Om du skal drive ein stad der det skal serverast mat eller drikke, må du ha serveringsløyve frå kommunen.

Ein serveringsstad er ein stad der det vert servert mat og/eller drikke og lokalet er lagt til rette for å ete på staden. 

Når treng du serveringsløyve?

  • Du treng serveringsløyve om du skal starte ein serveringsstad der det skal serverast mat og/eller drikke. Skal du servere alkohol må du i tillegg ha skjenkeløyve.
  • Har du overtatt ein eksisterande serveringsstad, kan du drive vidare på tidlegare eigar sitt løyve medan du ventar på at søknaden vert behandla. Dette gjeld i ein overgangsfase på tre månader og berre om bestemte vilkår er oppfylt. 

Slik får du serveringsløyve

  • Dagleg leiar ved serveringsstaden må ha bestått etablerarprøva for å kunne søke om serveringsløyve. Løyve vert gitt til selskapet som eig staden. 
  • Serveringslova stiller krav om uklanderleg vandel.
  • Er det eit eigarskifte, må du søke om eige serveringsløyve seinast 30 dagar etter at du teikna avtale om overtaking. 
     

Slik søkjer du:

Du sender elektronisk søknad til Fjaler kommune.

Søk om serveringsløyve

Du vil bli bedt om å laste opp vedlegg, søknaden vil ikkje bli behandla før alle nødvendige vedlegg er mottatt.

Vedlegg til søknad:

  • Stadfesting på bestått etablerarprøve
  • Firmaattest
  • Teikning av lokala inne og ute
  • Eventuell leigekontrakt
  • Dokumentasjon av dagleg leiar si tilsetting
  • Kopi av melding til Mattilsynet
  • Løyve frå bygningsmyndigheitene på bruk av lokala til serveringsverksemd.
     

Ending i løyve

Endringar i løyve skjer ofte fleire gonger i løpet av løyveperioden. Dette kan skje til dømes ved skifte av dagleg leiar, endringar i driftskonsept og endringar i eigarforholda. Slike endringar krev ofte ny godkjenning, eventuelt nytt løyve.

Kor lang tid tar det å få svar?

Søknadane vert behandla fortløpande.  Saksbehandlingstida kan vere inntil 2-3 månader frå du har sendt oss alle nødvendige opplysingar og dokument, men det vil vanligvis gå raskare enn det.

Saksgang:

Søknaden vert sendt til politiet og skatte- og avgiftsmyndigheitene for uttale. Behandlingstida kan bli lengre dersom høyringsinstansane bruker lang tid, har merknader til søknaden, eller om du gjer endringar undervegs i behandlinga av søknaden.

Sølvi Tjugen
Konsulent personal- og organisasjon
E-post
Telefon 57 73 80 09