Etablerarprøve for serveringsstad

Den som skal vere dagleg leiar på ein serveringsstad må ha bestått etablerarprøva, og ha fylt 18 år.   

Gjennomføring av prøven

  • Prøven er ein fleirvalsprøve på 90 minuttar. Du må svare rett på 40 av 50 spørsmål. 
  • Prøven må du ta på norsk. Det er ikkje høve til å ta med tolk eller bruke ordbok. Du kan ta med lovsamling. 
  • Ta med gyldig legitimasjon (pass, førarkort eller bankkort med bilde).
  • Det kostar 400 kroner å ta prøven.
  • Du kan ta prøven på nytt heilt til du består. Det kostar 400 kroner kvar gong. 

Kva er pensum?

Det kan vere lurt å lese gjennom læreheftet før du tar prøven. Du kan kjøpe det direkte frå vinn.no.

I tillegg til lærehefte kan du og kjøpe tilgang til elektronisk test. 

Du kan kjøpe elektronisk test for etablererprøva på vinn.no.

Slik gjer du avtale om å ta prøva

Prøvestad er på kommunehuset i Dale (Fjalerhuset). Ta kontakt med oss for å bestille tid for å ta prøven.

Prøvebevis som dokumentasjon 

Alle som består etablererprøven får eit prøvebevis, som det er viktig å ta vare på. Dette er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om serveringslova. Beviset er gyldig på ubestemt tid. 

Aktuell lov

Sølvi Tjugen
Konsulent personal- og organisasjon
E-post
Telefon 57 73 80 09