Kulturminne

Fjaler kommunestyre vedtok kulturminneplanen 2019 og rullerte prioriteringslista 2020.

Kulturminneplanen er eit verktøy for forvaltning av kulturminna i Fjaler kommune.  Planen er eit hjelpemiddel til å prioritere mellom dei ulike kulturminna vi har frå ulike historiske periodar.  Ei anna viktig side ved planen er å kartlegge og formidle kunnskap om kulturminna våre.

Planen legg opp til at enkeltpersonar, organisasjonar og andre som jobbar med kulturminne i Fjaler, lettare skal få tilgang til støtteordningar og midlar. Å vere nemnt i planen vil vere ein fordel til dømes i søknadsprosessar opp mot kulturminnefondet og andre tilskotsordningar.

Kulturminneplan for Fjaler 2019-2023 (PDF, 3 MB)

Oppdatert prioriteringsliste 2020 (PDF, 384 kB)

Finn ditt kulturminne

Utforsk kulturmiljø, kulturminner og landskap:
Søk etter kulturminne på Riksantikvaren si side for kulturminnesøk

Fleire ordningar for tilskot til verna og freda kulturminne.

Vestland fylkeskommune har fleire ordningar for tilskot til verna og freda kulturminne.

Tilskot til verna kulturminne skal sendast gjennom Fjaler kommune.

Fylkeskommunen har søknadsfrist 8. februar kvart år og søknaden bør difor sendast til Fjaler kommune seinast 1. februar. 

Søknadsfrist: 1. februar kvart år.

Sjå retningsliner for tildeling av midlar til verna kulturminne Vestland fylkeskommune
 

Ingeborg Tysnes
Kommunalsjef kultur og samfunnsutvikling
E-post
Telefon 57 73 80 44
Mobil 98 86 50 54