Allemannsrett og ferdselsreglar

For at alle skal ha glede av tur- og friluftsaktivitetar i kommunen vår, må vi ha nokre reglar som hjelper oss med å ta omsyn til kvarandre.

Bandtvang for hundar:

Fjaler kommune har ei eiga foreskrift  om bandtvang for hund.

  • I Fjaler kommune skal hundar haldast i band i perioden frå 1. april til 1. november. Bandtvangen gjeld i både ut- og innmark. 
  • I Fjaler skal hundar haldast i band heile året på fylgande stader:
    • I og i tilknyting til bustadområde og handleområde
    • På tilrettelagde og/eller merka område for idrett og friluftsliv, skulevegar, merka skiløyper, badeplassar, skuleplassar, leikeplassar og merka turstiar
  • Ein har ansvar for å fjerne ekskrement som hunden etterlet seg.

Sjå kommunal forskrift om bandtvang for hund i Fjaler kommune på Lovdata.no


Vis omsyn til beitedyr

Om sommaren vert mange av turområda brukt til beite for sau og storfe. Vis omsyn om du møter beitedyr og ikkje jag desse. Meld frå til nærmaste gard om du kjem over sjuke, skadde eller døde dyr.

Praktiser skånsam ferdsel

  • Ikkje ta deg til rette på private vegar, tun og stølar.
  • Kast ikkje søppel i naturen. Flaskeskår og blikkboksar kan skade både dyr og folk, det same kan rista frå eingongsgrillen.
  • La sjeldne og sårbare vekstar får stå i fred. Di er vakrast der dei står.
     

Bålbrenning og grilling

Om våren og sommaren blir det gjerne tørt. Då aukar faren for skog-, gras- og lyngbrann. Sjølv eit lite kaffibål eller eit lite grillbål kan vere nok til å sette fyr i marka rundt og føre til brennspreiing. I Norge er det difor bålforbod frå 15. april til 15. september. 

Les meir om bålbrenning og grilling på heimesida vår
 

Aktuelle lover, forskrifter og anna relevant informasjon