OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Bålbrenning og grilling

Her er gode råd for bålbrenning og anna bruk av eld ute. Hugs at det er alltid den som brenn bål som har ansvaret for brannsikkerheita. Bålet må ikkje vere større enn at du har kontroll på det og kan sløkke ved behov. Det er forbudt å brenne plast, bygningsmateriale og anna søppel. 

Meld frå om at du skal brenne bål

Du skal alltid melde i frå om at du brenner bål, uansett kva tid på året du gjer det.  Hugs at den enkelte står ansvarleg for bålbrenninga og at melding om bålbrenning skal meldast digitalt til 110 Vest ved å bruke skjema under.


Send inn melding om bålbrenning 

Bålforbod 15. april–15. september

Om våren og sommaren blir det gjerne tørt. Då aukar faren for skog-, gras- og lyngbrann. Sjølv eit lite kaffibål eller eit lite grillbål kan vere nok til å sette fyr i marka rundt og føre til brennspreiing. I Norge er det difor bålforbod frå 15. april til 15. september. I denne perioden er det forbod å tenne opp bål i eller i nærleiken av skog og anna utmark utan løyve frå kommunen. 

Alle plikter å vise aktsemd ved gjennomføring av aktivitet som kan føre til brann. 

Nokre hugsereglar ved bruk av eingongsgrill:

  • Ta med flaske som kan brukast til sløkkevatn om elden spreier seg til terreng.
  • Ikkje bruk eingongsgrill der det ikkje er nær tilgang til vatn.
  • Ta omsyn til skogbrannfare og vind.
  • Plasser grillen på ikkjebrennbart underlag.
  • Drukn gjerne grillen i vatn når grillinga er over, eller bruk godt med vatn for å kjøle den.
  • Ikkje forlat grillen ute i naturen. Kast grillen i søppelspann som er laga for grill og kull, eller vent eit par døgn med å kaste den i søpla slik at du er sikker på at grillen er kald. 
     

Unntak frå bålforbodet

  • Du kan tenne opp bål dersom elden heilt openbart ikkje kan spreie seg. Det kan vere at det til dømes har vore mykje nedbør over lang tid. 
  • Du kan grille på tilrettelagte grill- og bålplassar med ubrennbart underlag. 
  • Du kan grille i din eigen hage. 
Eivind Antonisen
Brannsjef
E-post
Mobil 90 62 19 68
Til toppen