Om Fjaler sjukeheim

Fjaler sjukeheim ligg sentralt til i Dale, med fin utsikt mot Dalsfjorden og fleire skjerma hageområde tilknytt dei ulike avdelingane.

Fjaler sjukeheim har totalt 35 plassar fordelt på 3 ulike avdelingar.  Av desse er 13 langtidsplassar, 8 plassar på skjerma eining og 14 plassar på korttid/rehabiliteringsavdeling. I tillegg har vi òg 5 rehabiliteringshyblar tilknytta korttid/rehabiliteringsavdelinga. Palliativ eining er plassert på denne avdelinga.

Sjukeheimen har eige institusjonskjøkken, som lagar mat etter kok/kjøl prinsippet. Institusjonskjøkkenet produserer òg mat til heimebuande, som blir køyrt ut 2 dager i veka.

Dagsenteret vårt er hjartet i huset. Her føregår det mange kjekke aktivitetar for bebuarane våre, samt for heimebuande som kjem på dagopphald. Her vil ein oppleve sosialt samvær i form av bakedagar, konsertar, pubkveld, velværedag, cafe , televindu, bingo og mykje anna kjekt. Dagsenteret er bemanna med eigen aktivitør.

Andakt kvar 14. dag med prest.

Fjaler sjukeheim har samarbeid med Dale vidaregåande skule og Høgskulen i Vestland, så her vil ein treffe kjekke og flinke elevar og studentar i praksis under opphaldet.

Velferdsteknologi ved Fjaler sjukeheim
Vi tilbyr ulike teknologiske løysingar som ein del av tilbodet ved Fjaler sjukeheim. Målet med teknologien er å unngå fare, redusere skade og automatisk tilkalle hjelp for deg viss du ikkje er i stand til det sjølv, samstundes som det gir deg auka fridom. 

Nytt tilbod ved Fjaler sjukeheim er Varda Care sengematte
Varda Care sengematte er ei tynn matte som ligg under madrassen i senga di. Den registrerer når du ligg i senga og når du står opp. Matta kan også kartlegge søvn og uro i løpet av natta, og den kan måle hjarte- og respirasjonsfrekvens.

Kvifor bruke Varda Care sengematte?

  • Den kan vere eit hjelpemiddel for å oppdage endringar i søvnmønster og indikere endringar i helsetilstand
  • Den kan forhindre fall
  • Du kan sove rolegare og sleppe å verte forstyrra på natt når det ikkje er behov for det
  • Nattevakta får varsel viss du treng hjelp
  • Nattevakta får god oversikt over brukarane på si avdeling, og den vil vere eit hjelpemiddel for prioritering basert på behov og frigjere tid til omsorg
  • Varda Care sengematte er eit supplement til ordinær nattevakt for å auke kvalitet og pasienttryggleik
     

For å ta i bruk Varda Care sengematte eller anna digitalt tilsyn må du eller pårørande samtykke til tenesta.

Les meir om velferdsteknologi i Fjaler

Kontakt oss:
Telefon til Fjaler sjukeheim: 57 73 80 90
Telefon til avdelingane er stengt mellom kl. 08:00 og 10:00.

Leiar ved Fjaler sjukeheim: Evy Solheim
Teamleiar korttid/rehab.avdeling: Iris Asperheim
Teamleiar langtid/skjema avdeling: Monica Berg

Besøksadresse:
Fjaler sjukeheim
Dalsvegen 81
6963 Dale I Sunnfjord

Kontakt med sjukeheimen via HelseNorge
Er du pårørande til nokon som har opphald på sjukeheimen? Då kan du, viss du har fullmakt frå brukar, kommunisere med eininga via helsenorge. 
Digihelse – digital kontakt mellom brukar og helse- og omsorgstenesta