Velferdsteknologi

Dei fleste ynskjer å klare seg sjølv og bu lengst mogeleg i eigen bustad. For å klare det, kan det vere behov for tilrettelegging av bustad og tekniske hjelpemiddel. Velferdsteknologi er teknologi som kan bidra til at du skal kjenne deg trygg heime og meistre kvardagen betre trass sjukdom og nedsett funksjonsevne.

Teknologien varslar heimetenesta eller pårørande viss det skjer ei uønska hending, og kan dermed bidra til at du kan leve eit trygt, sjølvstendig og aktivt liv. 

Kva type alarmar og hjelpemiddel fins?

Det fins mange ulike typar velferdsteknologi, her er 4 hovudkategoriar:

  • Tryggleiksalarm for tilkalling av hjelp
    Tryggleiksalarm er ei teneste du kan søkje dersom du har behov for raskt og enkelt å tilkalle hjelp. Alarmen kan nyttast heile døgnet, og med den kan du tilkalle hjelp i akuttsituasjon. 
     
  • Tryggleikskapande teknologi i heimen
    Ei rekkje sensorar kan koplast til tryggleiksalarmen. Det kan til dømes vere sensor som varslar helsepersonell eller pårørande ved fall, viss du går ut av senga eller huset om natta, ved røykutvikling/brann eller andre uønska hendingar. 
     
  • Hjelp til å hugse å ta medisin
    Dette er ein dosett som varslar når det er tid for å ta medisin. Dersom medisinen ikkje vert tatt til avtalt tid, vil det gå eit varsel til helsepersonell eller pårørande.
     
  • Lokaliseringsteknologi/GPS
    Mobile alarmar med GPS som gjer at personar med fare for å gå seg bort eller ikkje finne heim kan tilkalle hjelp eller verte lokalisert av pårørande eller helsepersonell.

Kven kan få velferdsteknologi?

  • du må bu i Fjaler kommune
  • du treng hjelp for å kjenne deg trygg og meistre kvardagen betre
  • du kan ha behov for å tilkalle hjelp på grunn av sjukdom eller nedsett funksjonsevne
  • du kan få velferdsteknologi uavhengig av alder
  • det må vere mobildekning der du bur

Kva får du?

  • du får teknologi som er tilpassa deg og dine behov
  • du skal kjenne deg trygg og meir sjølvstendig
  • du kjem raskt i kontakt med helsepersonell eller pårørande
  • du får opplæring og informasjon

Slik søkjer du

  • I søknaden skriv du kva behov du har og kva du treng hjelp
  • Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei skriftleg fullmakt og sende den med søknaden.

Søk om helse- og omsorgstenester

Fullmaktsskjema

Søknad sendast til 

Fjaler kommune
Tenestekontoret
Dalsvegen 81
6963 Dale i Sunnfjord

Kva skjer vidare?

Når søknad er motteken, vil heimetenesta kartlegge behovet ditt for å finne den tenesta som er best og mest hensiktsmessig for deg.

Søknaden skal handsamast innan fire veker. Du vil få eit førebels svar dersom det vil ta lengre tid.  

Kan du klage om du ikkje får innvilga søknaden?

Får du ikkje får innvilga tenesta du søkjer, gjev vi deg ei grunngjeving for det. I svaret får du også informasjon om korleis du kan klage og klagefrist. 

Lover og reglar

Forvaltningsloven
Helse- og omsorgstjenesteloven
Pasient- og brukarrettighetsloven

Janne Øksenberg
Leiar heimeteneste
E-post
Telefon 57 73 81 54
Randi Kyrkjebø
Fagutviklar
E-post
Telefon 57 73 81 28