Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm er ei teneste du kan søkje dersom du har behov for raskt og enkelt å tilkalle hjelp. Alarmen kan nyttast heile døgnet, og med den kan du tilkalle hjelp i akuttsituasjon. 

Tenesta er ikkje ei lovpålagd teneste. 

Kva kan du få hjelp til?

  • Tryggleiksalarmen gjeld i bustaden din
  • Du må vere i fysisk og mental stand til å nytte alarmen for å få den tildelt
  • Du kan sjølv velje kven du vil skal motta alarm først når du treng hjelp (heimetenesta eller pårørande) 
  • Heimetenesta må få tilgang til nøkkel til heimen din
  • Tryggleiksalarm krev at du har mobildekning
  • Tryggleiksalarm er ei betalingsteneste
  • Alarmutstyr som vert øydelagd eller mista, må erstattast av brukar
  • Du kan ha andre velferdsteknologiske hjelpemiddel knytt til tryggleiksalarmen

Slik søkjer du

I søknaden skriv du kvifor du ønskjer tryggleiksalarm

Søk om tryggleiksalarm

Søknad sendast til 

Fjaler kommune
Tenestekontoret
Dalsvegen 81
6963 Dale i Sunnfjord

Kva kostar det?

Kommunestyret har fastsett ein eigendel for tryggleiksalarmar på 314 kroner i månaden for 2024. 
Pris kan verte endra ved årsskiftet. 

Kva skjer vidare?

Når søknad er motteke, vil heimetenesta kartlegge behovet.
Søknaden skal handsamast innan fire veker. Du vil få eit førebels svar dersom det vil ta lengre tid. 

Kan du klage om du ikkje får innvilga søknaden?

Tryggleiksalarm er ikkje ei lovpålagt teneste. 
Får du ikkje får innvilga tenesta du søkjer, gjev vi deg ei grunngjeving for det. I svaret får du også informasjon om korleis du kan klage og klagefrist. 

Lover og reglar

Pasient- og brukerrettighetsloven
Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester

Ellen Alværen
Teamleiar heimeteneste
E-post
Telefon 57 73 81 50
Mobil 95 06 01 01
Hanne Ulvatne Igelkjøn
Koordinator
E-post
Telefon 57 73 81 25