Støttekontakt

Støttekontakt er eit tilbod til personar som har behov for sosialt samvær eller støtte for å delta i aktivitetar utanfor heimen. 

Kven kan få tilbodet? 

Både vaksne og barn som har behov for å få hjelp til å ha eit sosialt liv og ei meiningsfull fritid. 

Kva kan du få hjelp til?

Støttekontakt kan vere bistand til å få ei aktiv fritid eller komme ut av isolert tilvære. Støttekontakt kan tilby sosialt samvær og følgje til ulike typar fritidsaktivitetar. Innhaldet i tenesta vert tilpassa ønskjer og behov hos tenestemottakar. 

Tenesta støttekontakt kan også verte organisert som treningskontakt, der formålet er å styrke moglegheita for fysisk aktivitet. 

Slik søkjer du:

  • Du må sende skriftleg, signert søknad
  • Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden, må du samtidig fylle ut eit fullmaksskjema og legge ved søknaden. 

Søk om støttekontakt

Fullmaktsskjema

Kva kostar det? 

Tenesta er gratis, men du må sjølv dekke utgifter til aktivitetar. 
Utgifter til støttekontakt skal vere avtala på førehand, 

Dersom du har følgjekort, kan støttekontakten din få gratis eller billigare inngang mange stader. 

Kan du klage om du ikkje får innvilga søknaden?

Får du ikkje får innvilga tenesta du søkjer, gjev vi deg ei grunngjeving for det. I svaret får du også informasjon om korleis du kan klage og klagefrist. 

Vil du vere støttekontakt?

Du bør vere sosialt engasjert, ha evne til å finne på aktivitetar og finne glede i å hjelpe andre menneske. For å skape stabilitet for personen du skal hjelpe, bør du kunne binde deg over ein lengre periode. Ta kontaklt med oss vil du vil vite meirt om det å vere støttekontakt.

Lover og reglar

Helse- og omsorgstjenesteloven
Pasient- og brukerrettighetsloven
 

Bente Seterdalen Solheim
Leiar tenestekontoret
E-post
Telefon 57 73 81 26
Mobil 90 08 32 09
Hanne Ulvatne Igelkjøn
Koordinator
E-post
Telefon 57 73 81 25