Følgjekort

Eit følgekort kan gje din følgjeperson rett til gratis inngang på t.d. kino, i symjehall eller på buss. 

Kva er følgjekort

Følgekort er eit kort som viser at du treng følgje for å delta på arrangement. 
Du bestemmer sjølv kven som skal vere følgjeperson, og det treng ikkje vere same person kvar gong.

Følgekortet er personleg, med bilete og underskrift. Kortet er gyldig i fire år. 

Sjå nettsida til helsenorge.no for meir informasjon om følgekort (Ledsagerbevis)

Kven kan få følgjekort?

Du kan få følgekort dersom du har nedsett funksjonsevne og treng å ha med følge i samband med transport og kultur- og fritidsaktivitetar.

Slik søkjer du

Du fyller ut ein kort grunngjeven søknad og sender med passfoto. 

Søk om følgjekort

Kva kostar det?

Det kostar ingenting å få følgekort. På arrangement eller offentleg transport kjøper du billett til ordinær pris, men får ta med deg ein følgeperson gratis der følgekort vert akseptert. 

Kva skjer vidare? 

Søknaden vil handsamast innan fire veker. Du vil få eit førebels svar dersom det tek lengre tid. 

Kan du klage om du ikkje får innvilga søknaden?

Får du ikkje tilbod om følgekort, gir vi deg ei grunngiving for det. I svaret får du også informasjon om korleis du kan klage og klagefrist. 

Lover og reglar

Pasient- og brukerrettighetsloven

Hanne Ulvatne Igelkjøn
Koordinator
E-post
Telefon 57 73 81 25
Randi Kyrkjebø
Fagutviklar
E-post
Telefon 57 73 81 28