Kven kan få tilbodet?
Tenesta er for deg som grunna funksjonshemming, sjukdom eller andre årsaker ikkje kan lage middag sjølv og har behov for hjelp til å ivareta eit næringsrikt kosthald.
Kva får du?
Middag og dessert vert laga på kjøkkenet på sjukeheimen. Måltidet inneheld god og næringsrik kost, og det blir tatt omsyn til ulike medisinske behov om det er naudsynt.
Middagen vert levert vakumpakka kvar tysdag og fredag.
Det er ein fordel om du har mikrobølgeovn.
Du kan sjølv bestemme kor mange måltid du ønskjer i løpet av veka.
Slik søkjer du
I søknaden skriv du kvifor du treng middagslevering
Søk om middagslevering
Kva kostar det?
Prisar som gjeld frå 01.01.2026:
Kva skjer vidare?
Søknaden skal handsamast innan fire veker. Du vil få eit førebels svar dersom det vil ta lengre tid.
Klage
Middagslevering er ikkje ei lovpålagt teneste.
Får du ikkje får innvilga tenesta du søkjer, gjev vi deg ei grunngjeving for det. I svaret får du også informasjon om korleis du kan klage og klagefrist.
Lover og reglar
Pasient- og brukerrettighetsloven
Kontakt oss:
Ring sentralbordet til heimetenesta på telefonnummer 57 73 80 55. Telefonen er stengt mellom klokka 14.40 og 15.05 kvar dag.
- Tenesteleiar Heimeteneste: Janne Øksenberg
- Teamleiar heimeteneste: Ellen Alværen
Besøksadresse til heimetenesta:
Bjergelivegen 41 B
6963 Dale